Stell av tannprotesar og munnhòle - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Stell av tannprotesar og munnhòle

Ein tannprotese skal erstatte ei eller fleire tenner. Han blir teken ut for reingjering minst ein gong dagleg, samtidig som munnhòla blir reingjord. Det finst tannprotesar av ulikt materiale. Dei skal ha ulik behandling avhengig av kva dei er laga av.

Hos eldre endrar gommane seg, noko som fører til at tannprotesane ikkje passar like godt. Gnagsår og problem med å snakke og ete kan bli ei følgje av dette. Det er viktig å sjå stell av tannprotesar og munnhòle i samanheng med kvarandre. Sår og sopp i munnhòla kan føre til smerter og ubehag for brukaren.

Nokre brukarar kan oppleve det som vanskeleg å nytte protese. Dette er noko du som helsefagarbeidar må vere merksam på og ta omsyn til.

Nødvendig utstyr

  • tannkrus og kopp med lokk
  • mjuk tannbørste eller protesebørste
  • mildt oppvaskmiddel eller reingjeringsmiddel for protesar
  • glas med vatn
  • eventuelt festemiddel for protesar
  • handkle
  • eingongshanskar

Prosedyre

  • Informer brukaren.
  • Legg handkleet på brukaren.
  • Utfør god handhygiene og ta på hanskar.
  • Ta ut protesen og legg han i koppen med lokk.
  • La brukaren skylje munnen.
  • Børst gommane og eventuelle faste tenner.
  • Reingjer protesen med eit mildt oppvaskmiddel.
  • Tannkrem kan innehalde slipemiddel og kan skade overflata til protesen. Reingjeringsmiddel for protesar er derfor eit godt alternativ.
  • Fjern gammalt festemiddel grundig.
  • Dryss på nytt festemiddel viss det er behov for det, og la brukaren setje protesen på plass i munnen. Hjelp til ved behov. Det er som regel lettast å setje inn tennene i overkjeven først.
  • La brukaren tørke seg rundt munnen, og smør på leppene ved behov eller om det er ønskjeleg.
  • Ta av hanskane.
  • Utfør god handhygiene.

Hugs

  • Observer tennene og munnhòla.
  • Reingjer utstyret og rydd etter deg.
  • La brukaren skylje munnen.

Reingjering av protese

Tannprotesar blir laga i to typar materiale. Akrylmateriale er den vanlegaste og "eldste" forma. Prosedyren under er skriven med tanke på dette. Nylonmateriale (valplast) er ei nyare form. Her må vi vere svært varsame ved stell av protesen for å unngå å skade overflata. Vatn og fingrar i tillegg til eit spesialreinsemidddel for dette materialet kan vere tilstrekkeleg ved reinhald.

NB! Skrap aldri på protesen med harde eller spisse gjenstandar.

Tannstein

Legg protesen i eddikoppløysing, ein del eddik (sju prosent) og ein del vatn. La protesen liggje natta over.

Misfarga protesar

Legg protesen i ein til to matskeier Klorin i eit glas vatn i tre til fire timar. Skyl grundig med reint vatn.

Belegg på tunge/slimhinne

Skyl/pensle med munnskyljevæske som inneheld klorheksidin, to gonger dagleg. Bruk eventuelt tannkrem med klorheksidin på mjuk tannbørste. Bruk ein mjuk tannbørste eller tupfer (i låsbar pinsett) fukta med klorheksidin munnskyljevæske (2 mg/ml) for reingjering av tunge og slimhinner.

Utfordringar til deg

  1. Kva utstyr treng du for å reingjere tannprotesar?
  2. Kva observasjonar gjer du mens du utfører dette arbeidet?
  3. Mange liker å ta ut protesane når dei skal sove. Korleis skal dei oppbevarast då?
Skrive av Marit Smith Sørhøy og Lillian Brønseth.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021