Sorg hos barn og unge - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sorg hos barn og unge

Sorg er ein normal og naturleg reaksjon på alle tap. Dei kjenslemessige reaksjonane du får, er normale og naturlege. Barn og unge har ulike føresetnader for å handtere sorg. Som barne- og ungdomsarbeidar må du hjelpe barn og unge med å arbeide med sorga og lære dei å meistre smerta.

Kva er sorg?

Sorg er ein psykologisk reaksjon på eit tap. Dette kan vere hendingar barn og unge opplever i eiga sjukdomstid, endringar i omsorgs- og busituasjon, åtskiljing frå foreldre ved psykisk sjukdom eller fengsling eller tap knytt til ulykker og dødsfall. I situasjonar der barn og unge opplever sorg, er det viktig at du støttar barnet til å forstå og meistre det som har skjedd. På den måten bidreg du til at barnet lærer seg korleis det kan handtere liknande hendingar i framtida.

Teikn på sorg hos barn

Ingen sørger likt, men vi har nokre felles sorguttrykk som kan varierer frå person til person i sorgprosessen.

Kjensler

Dei ulike kjenslene vi menneske har, kan i ein sorgprosess hos barn og unge bli mykje sterkare eller forsvinne heilt. Dette gjeld alle typar kjensler. Til dømes kan sinne bli mykje sterkare, eller dei viser ikkje sinne i ein situasjon der dei burde gjort det. For barn og unge er det vanskeleg å setje ord på kjensler og tankar fordi mykje er umedvite, og det kjem derfor først fram i måten dei oppfører seg på.

Kroppslege reaksjonar

Reaksjonar som vondt i magen og hovudet, konsentrasjonsvanskar og vanskar knytte til mat og eting kan vere kroppslege reaksjonar vi ser hos barn og unge. Dette kan føre til mykje fråvær frå barnehage eller skule. Barn og unge nyttar kroppen som uttrykksform mykje meir enn vaksne gjer. Dei kan vise sorga gjennom korleis dei går, sit og rører seg.

Utrygge og redsle

Vi ser ofte at barn og unge i sorg er utrygge. Dei viser at dei har behov for å vere i nærleiken av vaksne og å få omsorg. Hos ungdommar ser vi ofte at dei søker saman i eit fellesskap. I tillegg kan mange barn og unge bli redde for at dei sjølve kan få alvorlege sjukdommar, komme i ulykker og/eller sjølv døy, eller dei kan bli redde for at det skal skje noko med andre personar dei er glade i.

Søvn og stille

Barn og unge kan i periodar slite med søvn og stille. Tankane kjem ofte når ein legg seg. Då kan sorga opplevast nærare og hindre ein i å få sove. Det er ikkje lett for barn og unge å vekke føresette for å setje ord på tankane sine, men det er viktig å få snakka om det, slik at dei klarer å sove igjen. Mangel på gode søvnvanar kan gi konsentrasjonsproblem og uro.

Ambivalente kjensler

Sorg kan for barn og unge gi motstridande kjensler. Nokon kan oppleve at dei på den eine sida kjenner på ein lette og på den andre sida kjenner på sakn. Dei kan òg ønske å delta på aktivitetar på lik linje som andre, men så klarer dei ikkje å glede seg slik dei gjorde før. Det motsette kan òg skje, dei kan oppleve at dei gløymer sorga i leik og aktivitetar, men etterpå får dei dårleg samvit nettopp fordi dei har gløymt.

Kva kan du gjere?

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du veit at barn og unge går inn og ut av sorg, og at uttrykk for sorg varierer med opplevinga deira av det som har skapt sorga. Uansett er det viktig at du snakkar med dei. Barn og unge treng å setje ord på tankar og kjensler saman med nokon dei er fortrulege med og som kan vere til støtte over lengre tid. Å ha tillit til at du vil forstå og er til å stole på, er sentralt for at barn og unge vil tore å fortelje det dei tenker.

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du er open, har kunnskap og er ærleg om det som har skapt sorg hos barnet. I samarbeid med føresette og dei andre tilsette må de bli samde om kva det er lurt å vere opne om og ikkje. De må tilpasse informasjonen til alderen og modnaden til barnet. I tillegg er det mykje ein ikkje alltid kan svare på. Då er det lov å vere ærleg og seie: "Det veit eg ikkje, men kanskje vi kan finne ut av det saman."

I situasjonar der barn og unge opplever såkalla tabubelagd sorg (som sjølvmord, fengsling og vald) er det ofte ein stor lette for dei når dei møter vaksne som klarer å snakke om temaet. Det krev at du som barne- og ungdomsarbeidar har kunnskap om korleis møte barn i denne typen sorg.

Vis interesse

Ikkje ver redd for å stille barnet spørsmål. Ver interessert i korleis barnet har det, kva det tenker og føler. Still opne spørsmål, som "Fortel meg korleis det går for tida" eller "Korleis går det med deg?" Bruk tida godt saman med barn og unge i sorg, dei treng det. I tillegg kan nokon ha stort behov for fysisk kontakt. Då er det godt å kunne sitje i armkroken eller få ein god klem. Men hugs: Observer eller spør barnet om dei ønsker det. Ikkje alle er like glad i nærleik.

La kvardagen til barn og unge og rutinar i barnehage og skule gå som vanleg så langt det lèt seg gjere. Også her må du vere observant og følge godt med på åtferda. Spør korleis dei vil ha det. Ver merksam på kjenslene som kan skjule seg bak sinne eller uro, og ver ekstra nøye med korleis du møter kjenslene til barnet. Hugs at det er viktig at barnet får lov og moglegheiter til å kose seg og vise glede. Barn treng nye og gode opplevingar òg i ein sorgperiode.

Dine eigne kjensler

Vi som jobbar med barn og unge, blir ramma av sorga dei må igjennom. Det å møte barn og unge i sorg er krevjande for alle. Korleis dei reagerer, kjem i stor grad an på korleis dei vaksne rundt dei handterer krisa og tek vare på dei. Det er ikkje farleg at du som barne- og ungdomsarbeidar bli lei deg eller græt i nærværet til barn, men fortel barnet at du òg er trist no. Det viser at du er eit medmenneske. Skulle du derimot overta kjenslene til barn og bli overvelda av sorga, er det godt å ha ein god kollega å støtte seg til og som kan overta for deg i situasjonen.

Måten du møter barn på, har mykje å seie for sorgprosessen til barnet og vegen tilbake til ein meiningsfylt kvardag.

Utfordringar til deg

Empati er evna til å leve deg inn i, forstå og anerkjenne ein annan person sin kjenslemessige tilstand og reaksjonar. Det er ikkje sikkert du sjølv har opplevd å miste nokon som står deg nær, men du har sannsynlegvis kjent på kjensla sorg.

  1. Beskriv korleis du opplevde sorga di.
  2. Gå saman med ein i klassen og snakk saman om korleis de opplevde sorga. Kva er likt og kva er ulikt?
  3. Kva utfordringar tenkjer du at du sjølv vil ha under samtalar med barn og unge som er i ein sorgprosess?
Kjelder

Bugge, K. E., Grelland, E. R. & Schrader, L. (2015). Skolebarn og sorg. https://www.kompetansebroen.no/wp-content/uploads/2018/03/skolebarn-og-sorg_2015.pdf

Malt, U. (2020, 17. august). Sorg. I Store norske leksikon. https://snl.no/sorg

Raundalen, M. & Schultz, J. H. (2008). Kan vi snakke med barn om alt? Pedagogisk forum.

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020