Sengeleie og snuing for pasientar med hjerneslag - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sengeleie og snuing for pasientar med hjerneslag

Allereie i det akutte stadiet av hjerneslaget er det viktig å setje i gang tiltak for å førebygge kontrakturar. I desse filmane blir det demonstrert snuing i seng for ein pasient med halvsidig lamming og ulike sengeleie for å førebygge komplikasjonar ved immobilitet.

Sideleie sjuk side

Når pasienten ligg på den sjuke sida av kroppen, altså den sida som har lammingar, er det viktig å bruke puter for å støtte slik at det ikkje oppstår kontrakturar, feilstillingar eller liggesår. I denne filmen blir snuing demonstrert av pasient til sideleie på sjuk side.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Sideleie frisk side

Når pasienten ligg på den sida av kroppen som ikkje er ramma av lammingar etter hjerneslag, blir den sjuke sida støtta opp med puter, slik du kan sjå i denne filmen.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Ryggleie

Når ein pasient med hjerneslag ligg i ryggleie, er det viktig at pasienten ligg så langt opp i senga at det ikkje er mogleg å sparke mot sengeenden. I denne filmen blir det demonstrert bruk av puter for å støtte opp den sida av kroppen med lammingar for å førebygge komplikasjonar ved immobilitet.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Snuing av pasient

Enkelte pasientar med hjerneslag treng hjelp til å snu seg i senga. Under snuing er det viktig å tenke på det naturlege rørslemønsteret og å skåne den armen som er lamma.

  • Om mogleg bør det vere to pleiarar til stades når ein pasient skal snuast.
  • Dersom det ikkje er to pleiarar, må sengegrinda på den sida pasienten skal snuast mot, alltid vere oppe.
  • Begge beina blir bøygde.
  • Be pasienten støtte/halde den sjuke armen med den friske armen sin.
  • Trekk aldri i sjuk arm.
  • Legg pasienten i leie slik tidlegare beskrive og illustrert.

Det finst hjelpemiddel som gjer flytting enklare, til dømes silkelaken og skli-madrassar.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar veit korleis ein pasient med halvsidig lamming (hemiplegi) etter hjerneslag skal ligge i senga?

  2. Korleis kan puter i senga brukast for å førebygge kontrakturar, feilstillingar og liggesår?

  3. Kvifor er det viktig å forandre leie for pasientar med nedsett mobilitet?

Relatert innhald

Fagstoff
Komplikasjonar ved immobilitet

Å vere immobil vil seie at ein har avgrensa evne eller høve til aktivitet. Komplikasjonar ved immobilitet blir òg kalla komplikasjonar ved sengeleie.

Fagstoff
Førebygging av trykksår

Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan det oppstå skade på vevet.

Skrive av Birgit Flaten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2024