Fagstoff
Video
Rullestolbrukar
I serien Ikke spør om det kan du få svar på spørsmål som dei fleste normalt ikkje tør å stille. I denne episoden møter du personar som sit i rullestol.
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig å spørje før du hjelper ein person som sit i rullestol?
Kva kan vere årsaker til at nokon unngår å snakke direkte til ein person som sit i rullestol?
Kvifor opplever personane i filmen at andre er veldig nysgjerrige på sexlivet deira?
Kva tenker du om at nokon av dei du møter i filmen, svarer nei på spørsmålet om dei skulle ønske dei kunne gå? Diskuter med ein medelev.
Relatert innhald
Brukarmedverknad
Brukarar skal sjølve aktivt medverke og ta avgjerder i forhold som gjeld dei.
Sjef i eige liv
Sjølvbestemming bidreg til motivasjon og kan auke livskvaliteten til eit menneske. Sjølvbestemming handlar om å sjølv få ting til å skje i sitt eige liv.