Ritual rundt dødsfall i ulike kulturar og religionar - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Ritual rundt dødsfall i ulike kulturar og religionar
I alle kulturar og religionar har menneske gjennom tidene hatt ritual knytte til store hendingar i menneskelivet. Det gjeld òg dødsfall og gravferder.
Ulike religionar
Ulike religionar har ulike tilnærmingar til terminalpleie, død og gravferder. Det kan òg vere store variasjonar internt i ulike religionar og retningar, men her blir nokre vanlege oppfatningar og praksisar presenterte.
Det går eit grunnleggjande skilje i synet på døden mellom dei tre abrahamittiske religionane jødedommen, kristendommen og islam med opphav i Midtausten på den eine sida, og hinduismen og buddhismen som har opphav i India, på den andre sida. Dei abrahamittiske religionane meiner livet har ei byrjing og ein slutt, og at ein lever berre éin gong. Målet i desse religionane er eit evig liv i eit paradis eller i nærleik til eller foreining med Gud.
I dei indiske religionane meiner ein at ein kan bli fødd på ny. Handlingane ein har gjort (karma), bestemmer på kva måte ein blir fødd på ny. Det endelege målet for både hinduar og buddhistar er å bryte ut av denne sirkelen. Det er ulike oppfatningar av kva som skjer etter ein har klart dette, men nokre av oppfatningane kan minne om det ein finn i den abrahamittiske tradisjonen.
Jødedommen
Den døyande skal behandlast med den største respekt, og det er vanleg å vake både hos den døyande og over den døde. Den døyande seier truvedkjenninga og syndsvedkjenninga.
Etter døden blir den døde vaska og stelt og sveipt i eit handsydd kvitt klede.
Jødane vil som regel sjølv vaske sine døde, og berre personar av same kjønn får vaske dei.
Helst skal den døde ha litt jord frå Israel under hovudet. Dei pårørande skal ha moglegheit til ei andaktsstund ved senga til den døde. Kista skal vere enkel.
Gravferda skal finne stad raskast mogleg ut frå trua på lekamleg oppstode. Kremasjon er ikkje tillaten, fordi "mennesket har kome frå jord og skal vende tilbake til jord". I gravferda les ein nær pårørande kaddisj (lovprisingsbøna), og etter gravferda samlast familien til sjiva (ei vekes sørgjeperiode). Jødane har eigne gravplassar utanfor Oslo og i Trondheim.
Den romersk-katolske kyrkje
Den døyande bør ha einerom, slik at han eller ho kan få sakramentet til dei sjuke. Dette er eit ritual utført av ein katolsk prest som har med seg eit krusifiks.
På rommet er det vanleg at den døyande har eit bord med ein kvit duk og to tende levande lys. Bordet skal stå slik at den døyande kan sjå det.
Den gresk-ortodokse kyrkje
Eit bord med kvit duk skal vere plassert på rommet. På bordet er det eit kors, og ved hovudenden av senga er det tent lys.
Når døden nærmar seg, er det vanleg å leggje hendene til den døyande i kors og setje eit lite ikon i dei.
Etter døden blir den døde vaska og sveipt i eit klede. Før den døde blir lagd i kista, pleier dei pårørande å kle den døde i fine klede og sko.
Islam
Er det ein tolk til stades ved dødsleiet, skal han eller ho vere av same kjønn som den døyande.
Ved dødsleiet blir det gjerne lese frå Koranen, og før ein muslim døyr, gjentek han eller ho den islamske truvedkjenninga for seg sjølv.
Den døyande skal liggje eller sitje med ansiktet vendt mot Mekka når døden nærmar seg. Etter døden vil dei pårørande utføre ei rituell vasking av den døde. Dette ritualet tilseier at kvinner skal bli vaska av kvinner og menn bli vaska av menn.
Rett etter at døden er tredd inn, skal auga og munnen bli lukka og armane bli strekte ned langs kroppen. Ansiktet skal leggjast mot Mekka. Etter vask blir kroppen smurd med kamfer og sveipt i eit kvitt klede.
Om den døde har valfarta til Mekka i løpet av livet, er det vanleg å sveipe han eller ho i pilegrimsdrakta, som består av to klede. Etter stellet blir det bede ei rituell bøn for den døde.
Plasseringa til grava har ei viktig rolle, og grava skal vende mot Mekka. Ved muslimske gravferder skal dei pårørande ikkje gråte i sorg. Sjølve gravlegginga skal skje same døgn som døden hende. Det skal sørgjast i fellesskap i tre dagar. Kremasjon er forboden i islam. Det strid òg mot oppfatninga til muslimane å obdusere den døde.
Hinduismen
På rommet til den døyande har hinduane gjerne røykjelse, blomstrar og religiøse bilete.
Ei død kvinne må ikkje blir stelt av ein mann, og ein eventuell tolk må vere av same kjønn som den døyande eller døde. Den døde skal liggje vendt mot aust heile tida. Helsepersonell kan stelle den døde, men dei pårørande vil som regel kle den døde.
Hinduane skal helst kremerast ved den heilage elva Ganges. Styrken og heilagskapen i dette vatnet er likevel så sterke ifølgje hinduismen at berre nokre dropar av det er nok. Dei hinduane som på grunn av geografisk tilhøyrsel ikkje har moglegheit til å bli kremert ved Ganges, har gjerne skaffa seg nokre dropar av det heilage vatnet frå Ganges og tek vare på det i ein behaldar til dei døyr. Då skal dropar frå dette vatnet bli drypte på leppene til den døyande.
Det er vanleg at den døde blir kremert. Ved kremasjon er det viktig at det er sonen til den avdøde som utfører dødsrituala. Oska etter kremasjonen skal kastast i den heilage elva Ganges. Ikkje alle hinduar blir kremerte. Dei som blir gravlagde, er dei som blir kalla heilage menn. Dei er rituelt reine og vil få frelse utan kremasjon.
Buddhismen
I buddhismen finst det mange lokale tradisjonar og variasjonar mellom dei ulike retningane. Det vanlegaste er at buddhistar blir kremerte. Dette kjem av at buddhismen oppstod i India der kremasjon er vanleg, og at den historiske buddhaen, Siddharta Gautama, vart kremert.
I buddhismen skal rituala knytte til døden hjelpe den døde eller døyande til ei god gjenføding eller til å bli heilt fri frå å bli fødd på ny og dermed oppnå nirvana. Det er til dømes vanleg å lese heilage tekstar og gi gåver til munkar og nonner for å oppnå dette.
Utfordringar til deg
Kva tradisjonar rundt dødsfall finst i din eigen familie?
Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har kjennskap til tradisjonar rundt dødsfall i ulike kulturar og religionar?
Korleis er rutinane rundt dødsfall på praksisstaden din?