Personlegdomsforstyrringar - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Personlegdomsforstyrringar

Personlegdomsforstyrringar er psykiske lidingar som medfører vanskar med å fungere i kvardagen som følge av korleis du opplever deg sjølv, andre og verda rundt deg. Omtrent 13 prosent av befolkninga i Noreg har slike avvik i personlegdommen, og du kan ha fleire personlegdomsforstyrringar samtidig.

Utvikling av personlegdomsforstyrringar

I løpet av livet blir mange av oss ramma av psykiske lidingar som fører til endring i korleis vi oppfattar oss sjølve og omverda. Ofte er det mogleg å fastsetje når desse endringane i tankemønster oppstod, og når/om dei gjekk over. Personlegdomsforstyrringar, derimot, kjem ofte gradvis til uttrykk i tenåra eller i ung vaksen alder, slik at det ikkje er mogleg å seie eit tidspunkt for når vanskane starta. Menneske med personlegdomsforstyrringar oppfattar ofte ikkje sjølve at dei har psykiske vanskar, men menneska rundt dei opplever at dei har ei avvikande åtferd som skaper problem i relasjonar til klassekameratar, arbeidskollegaer eller partnarar.

Studiar viser at personlegdomsforstyrringar kjem av ein betydeleg del arvelege faktorar i kombinasjon med psykologiske faktorar og negative miljøfaktorar som omsorgssvikt, overgrep og traume. Fordi samfunnet i dag er meir komplekst enn tidlegare, er det òg vanskelegare for personar som er sårbare og lite fleksible, å handtere mellommenneskeleg samhandling.

Det er vanleg at personar med personlegdomsforstyrringar i tillegg blir ramma av andre psykiske lidingar, til dømes angst, depresjon og rusmiddelavhengnad. Det er ulike gradar av personlegdomsforstyrringar, og inndelinga frå milde til alvorlege former er basert på kor mange av kriteria som blir oppfylte.

Mildare personlegdomsforstyrringar

Dei mildare formene for personlegdomsforstyrringar liknar ein del på angstlidingar, og dei blir delte inn i tvangsprega, unnvikande og avhengig personlegdomsforstyrring.

Tvangsprega personlegdomsforstyrring

Menneske med tvangsprega personlegdomsforstyrring stiller så høge krav til seg sjølve og til at alt skal gjerast riktig, at gjennomføring av arbeidsoppgåver ofte blir forseinka, utsett eller aldri fullført. I motsetning til personar med tvangsliding (obsessiv-kompulsiv liding) er den tvangsprega personlegdomsforstyrringa karakterisert ved at tankesettet til personen er strikt, men ikkje tvangshandlingar.

Unnvikande personlegdomsforstyrring

Personar med unnvikande personlegdomsforstyrring er ofte svært kjenslevare for synspunkta og meiningane til andre, og dei vik derfor unna nære relasjonar med andre menneske sjølv om dei ønsker sosial kontakt.

Avhengig personlegdomsforstyrring

Personar med avhengig personlegdomsforstyrring har vanskar med å ta eigne avgjerder, og dei klamrar seg til andre fordi dei er redde for å bli overlatne til seg sjølv. Dei strekk seg langt for å halde på nære relasjonar og opptrer klengande dersom dei merkar teikn til avvising frå andre.

Moderate personlegdomsforstyrringar

Dyssosial personlegdomsforstyrring

Dyssosial personlegdomsforstyrring er eit omgrep som blir brukt for å beskrive personar som opptrer samvitslaust, impulsivt og uansvarleg i sosiale relasjonar. I starten verkar dei som omgjengelege og sjarmerande personar, men over tid slit dei med å stå i forpliktande forhold med mindre dei har noko å tene på det.

Emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring

Emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring medfører ofte eit ustabilt liv med kaos i både kjensler, relasjonar og sjølvbilete og dessutan ei nærast kronisk tomleikskjensle. Den impulsive typen av denne lidinga blir karakterisert ved labilt (ustabilt) humør, impulsiv åtferd som medfører konfliktar med andre, og låg toleranse for frustrasjon. Personar med borderlinetypen av denne personlegdomsforstyrringa slit i tillegg med ustabilt sjølvbilete, relasjonsvanskar og sjølvskadingsåtferd.

Histrionisk personlegdomsforstyrring

Menneske med histrionisk personlegdomsforstyrring har ein tendens til å opptre dramatisk og teatralsk for å få merksemd frå andre og uttrykke sinne dersom dei ikkje oppnår det.

Narsissistisk personlegdomsforstyrring

Personar med narsissistisk personlegdomsforstyrring manglar empati og er sjukeleg sjølvopptekne. Dei omgir seg med menneske som får dei sjølve til å føle seg eksepsjonelle og er lite interesserte i andre menneske.

Alvorlege personlegdomsforstyrringar

Paranoid personlegdomsforstyrring

Det vanlegaste kjenneteiknet på paranoid personlegdomsforstyrring er ei overdriven mistru til andre og tru på at andre menneske ikkje er til å stole på. Personar som er paranoide, held ofte andre menneske på avstand og hamnar lett i konfliktar, noko som igjen for den paranoide stadfester at andre ikkje vil dei vel.

Schizoid personlegdomsforstyrring

Personar med schizoid personlegdomsforstyrring er i stor grad opptekne med seg sjølve og har lita interesse av andre menneske eller sosiale fellesskapar. Dei bryr seg lite om verken positive eller negative tilbakemeldingar frå andre, og dei viser i liten grad kjensler.

Schizotyp liding

Symptomene på schizotyp liding er mange av dei same som for schizofreni, men utan dei alvorlegaste psykosane. Schizotyp liding medfører ei åtferd som blir oppfatta som eksentrisk og avvikande, og personar med denne lidinga er ofte einsame og mistrivst i sosiale samanhengar.

Behandling av personlegdomsforstyrringar

For mange personar med personlegdomsforstyrringar kan det vere utfordrande å innsjå og akseptere at trekk ved personlegdommen deira skaper problem for både dei sjølve og andre. Personlegdomsforstyrringar handlar om avvikande personlegdom og problem med å fungere saman med andre menneske, og dei kan derfor ikkje behandlast med legemiddel. Behandlinga består av ulike former for psykoterapi over lengre tid, og ofte i kombinasjonen med psykososiale tiltak.

Sidan personar med personlegdomsforstyrringar ofte blir ramma av andre psykiske lidingar i tillegg, blir det nytta medikament for å dempe symptoma frå desse.

Utfordringar til deg

  1. Omtrent 13 prosent av befolkninga i Noreg har ei personlegdomsforstyrring. Kor mange personar er det?

  2. Kva kan vere årsaker til at personar med personlegdomsforstyrringar sjeldan oppsøker behandling sjølv?

  3. Diskuter i klassen: Kvifor er det viktig at de som helsefagarbeidarar har kunnskap om personlegdomsforstyrringar sjølv om de kanskje ikkje skal jobbe innan psykiske helsetenester?

Kjelder

Karterud, S. (2022, 21. november). Personlighetsforstyrrelser. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/personlighetsforstyrrelser

Ryum, T. (2016). Personlighetsforstyrrelser. I R. Hagen & L. E. O. Kennair (Red.), Psykiske lidelser. (1. utg., s. 238–257). Universitetsforlaget.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2023