Hopp til innhald
Film og filmklipp

Munn- og tannpleie

Munn- og tannpleie er ein viktig del av den personlege hygienen. Når dette blir vareteke på ein god måte, førebyggjer det infeksjonar i munnhòla og tannròte, og det fører til velvære fordi det kan førebyggje vond smak i munnen og dårleg ande.
Video: NRK / Avgrensa bruksrett

Tannpuss

Munnhòlesjukdommar og tannròte kan føre til nedsett tyggjefunksjon og vidare til nedsett matlyst og fordøying. Ver merksam på at nokre menneske synest det er vanskeleg eller ubehageleg at andre skal utføre oppgåver som tannpuss inne i munnen deira. Hugs på at munnen er ei intim sone, og at nokon kan ha smerter i munnen slik at munn- og tannpleie derfor kan vere ubehageleg eller smertefullt.

Nødvendig utstyr

  • elektrisk tannbørste og/eller ein liten tannbørste med mjuk bust

  • tannkrem med fluor

  • glas med vatn

  • pussbekken

  • cellestoff

  • tannpirkarar, tanntråd eller liknande

  • kopp til protesar eller delprotesar

  • handkle

  • eingongshanskar

Prosedyre

  • Sørg for at brukaren har ei god sitjestilling anten i senga eller ved vasken. Viss personen ikkje kan sitje, bør vedkomande liggje godt over på sida.

  • Legg handkleet over brystet på brukaren.

  • Utfør god handhygiene og ta på hanskane.

  • Viss brukaren har protesar, tek du ut desse.

  • La brukaren skylje munnen i lunka vatn først.

  • Puss tennene mens du held kinnet til brukaren til sida med den eine handa.

  • Arbeid systematisk når du pussar, slik at du ikkje gløymer nokre tenner.

  • Puss både inner- og yttersida av tennene.

  • La brukaren skylje munnen undervegs ved behov.

  • Skyl munnen til slutt.

  • Bruk tannpirkarar eller tanntråd ved behov eller viss det er ønskjeleg.

  • Stell del- eller heilproteser til slutt, og set dei inn i munnen. (Sjå eigen prosedyre.)

  • La brukaren tørke seg godt rundt munnen og smør noko på leppene ved behov eller viss det er ønskjeleg.

  • Utfør god handhygiene.

Hugs!

  • Observer både munnhòle og tenner undervegs.

  • Vask og rydd bort utstyret.

  • Dokumenter og rapporter.

Utfordringar til deg

  1. Korleis utfører du eiga tannpleie?

  2. Kva rutinar har du for tannpuss?

  3. Korleis trur du det opplevast for eit menneske når andre må gjennomføre tannpussen?

  4. Kva haldningar tenkjer du er viktig å ha når du skal gjennomføre tannpuss på andre?


Skrive av Marit Smith Sørhøy, Lillian Brønseth og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2021