Lungekreft (cancer pulmonalis) - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Lungekreft (cancer pulmonalis)

Lungekreft er ei kreftform som i åtte av ti tilfelle kan knytast direkte til røyking. Sjølv om fleire overlever sjukdommen i dag enn før, er lungekreft den kreftforma med høgast dødelegheit i Noreg.

Årsaker og risikofaktorar

Sjølv om det er nedgang i talet på personar som røyker, er førekomsten av lungekreft framleis aukande. Det kjem til dels av at vi lever lenger og at det derfor blir fleire eldre i Noreg, men òg av at dei som røyker, gjerne held fram med det livet ut. I 2022 vart det registrert 3319 nye tilfelle av lungekreft, og ifølge Kreftregisteret er det grunn til å tru at talet vil synke dersom talet på røykarar går ned i åra som kjem.

I tillegg til røyking fører eksponering for radongass, asbest, forureining og kjemikal til auka risiko for lungekreft.

Former for lungekreft

Lungekreft blir delt inn i to hovudtypar: småcella og ikkje-småcella lungekreft. Småcella lungekreft har, som namnet tilseier, små celler som deler seg raskt, og dette er den mest aggressive forma for lungekreft. Omtrent 15 prosent av dei som får lungekreft, får denne forma. Ikkje-småcella lungekreft utgjer dermed om lag 85 prosent av lungekrefttilfella.

Symptom

  • Lungekreft er ein sjukdom som ofte blir seint oppdaga fordi symptoma er uspesifikke, som nedsett allmenntilstand, slappheit og vekttap. Det er ikkje uvanleg at sjukdommen blir oppdaga i samband med røntgenundersøking ved mistanke om lungebetennelse.

  • Hoste kan vere eit symptom, men fordi røykarar ofte hostar, kan det vere vanskeleg å oppdage endringar. Nyoppstått hoste som ikkje kjem av forkjøling, bør undersøkast nærare dersom det varer meir enn to til tre veker.

  • Å vere kortpusta er vanleg ved lungekreft. Over halvparten av pasientane har pustevanskar samtidig som dei har hoste, er hese og har pipelydar i respirasjonen.

  • Dersom kreftsvulsten har vakse gjennom bronkialslimhinna, kan ein få blod i spyttet. Det er sjeldan store blødingar, men skal alltid takast alvorleg så framt det ikkje er andre sikre årsaker til blodig oppspytt.

  • Hyppige luftvegsinfeksjonar kan komme av at kreftsvulsten ligg som ei hindring i luftvegane.

  • Smerter i brystet kan komme av at delar av lungevevet er tomt for luft og har klappa saman. Dette blir kalla atelektasar, og det medfører redusert lungevolum.

Diagnose

Den kliniske undersøkinga hos lege omfattar kontroll av hjarte, lunger og lymfeknutar. Ved mistanke om lungekreft viser legen til vidare utgreiing med røntgen og CT. Bronkoskopi er ei undersøking der eit kamera blir ført gjennom nase eller munn og ned i luftvegane for å sjå etter teikn på sjukdom og samtidig ta prøvar av vevet (biopsi).

Førebygging

Som ved andre kreftformer kan kosthalds- og livsstilstiltak redusere risikoen for lungekreft, men førebyggande tiltak handlar først og fremst om å unngå røyking, passiv røyking og luftforureining og å bruke verneutstyr ved handtering av kjemikal. Modellen over viser korleis dagleg sigarettrøyking aukar kreftrisikoen jo eldre du blir, men han viser òg korleis røykeslutt sjølv seint i livet kan redusere risikoen. Som helsefagarbeidar er det derfor viktig at du motiverer og støttar brukarar som ønsker hjelp til å slutte å røyke.

Behandling

Hovudformene for behandling av lungekreft er kirurgi, strålebehandling og medikamentell behandling, og ofte er det ein kombinasjon av fleire behandlingsformer. Kva behandling som blir vald, avheng av fleire forhold, mellom anna kva type lungekreft det dreier seg om, kor langt sjukdommen har utvikla seg, og allmenntilstanden til pasienten.

Kirurgi

Omtrent 25 prosent av pasientane med ikkje-småcella lungekreft blir behandla med operasjon der den delen av lunga der kreften sit, blir fjerna. Ved småcella lungekreft er det sjeldan aktuelt med kirurgi fordi kreften ofte spreier seg utanfor lunga.

Strålebehandling

Strålebehandling blir brukt for å heile ikkje-småcella lungekreft, men òg for å avgrense sjukdommen og lindre symptom. Ved småcella lungekreft blir stråling brukt dersom kreften er i ein avgrensa del av lunga, og òg som førebygging mot spreiing til hjernen.

Medikamentell behandling

Cellegift for å drepe kreftcellene blir brukt ved begge formene for lungekreft, både for å kurere sjukdommen og som livsforlengande og lindrande (palliativ) behandling. For nokre pasientar kan immunterapi som stimulerer immunsystemet til sjølv å oppdage og kjempe mot kreftcellene, vere ei livsforlengande behandling.

Utfordringar til deg

  1. Å forhindre at unge menneske byrjar å røyke er sentralt i førebyggande folkehelsearbeid. Kva for nokre førebyggande tiltak mot røyking kjenner du til?

  2. Korleis kan du motivere og støtte ein brukar som ønsker å slutte å røyke?

  3. I jobben som helsefagarbeidar vil du òg møte brukarar som ikkje ønsker å slutte å røyke. Kva kan vere årsaker til det?

Kjelder

Helsenorge. (2020, 26. november). Lungekreft. https://www.helsenorge.no/sykdom/kreft/lungekreft/

Kreftregisteret. (2024, 7. mai). Lungekreft. https://www.kreftregisteret.no/kreftformer/Lungekreft/

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.08.2024