Legemiddelformer - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Legemiddelformer

Legemiddel kan bli gitt i mange ulike former. Det er alltid legen som avgjer kva legemiddel og kva form som skal nyttast.

Ulike legemiddelformer

Det er vanleg å dele inn legemidla etter måten dei blir gitt på:

  • perorale legemiddelformer

  • rektale legemiddelformer

  • parenterale legemiddelformer

  • legemiddel til inhalasjon

  • legemiddel til lokalbehandling

Val av legemiddelform

Kva form som blir vald, kjem an på fleire forhold, til dømes kva sjukdom som skal behandlast, tilstanden til pasienten, medvit og hjelpebehov. Dersom ein er kvalm, kan det vere føremålstenleg å gi legemiddelet gjennom endetarmen eller i sprøyteform, og ein medvitslaus pasient kan ikkje svelgje tablettar. Det er viktig at du som helsefagarbeidar dokumenterer og rapporterer dersom ein brukar ikkje greier å ta legemiddel i den forma som legen har ordinert.

Eigenskapane til legemiddelet som skal nyttast, til dømes kor raskt effekten kjem, og om det er lokal eller systemisk behandling, er òg viktig. Ved store smerter eller behov for narkose ønskjer ein til dømes eit legemiddel som verkar raskt.

Perorale legemiddelformer

Peroral betyr "via munnen". Legemidla i denne gruppa blir gitt gjennom munnen, og tablettar er den aller vanlegaste legemiddelforma. Vanlege tablettar er enkle å nytte, rimelege å produsere og har god haldbarheit. Dei fleste tablettar verkar i heile kroppen (systemisk effekt).

Dei vanlegaste perorale legemiddelformene

perorale legemidler

Typar

Eigenskapar

Varsemdreglar

Tablettar

Vanlege tablettar blir løyste raskt i magesekken og gir som regel effekt innan 20–30 minutt.

Dersom ein tablett har delestrek, kan han delast.

Blir teke med minst eit halvt glas vatn. Mange tablettar kan knusast, men dette må alltid sjekkast først. Hugs at knuste legemiddel kan smake ille og øydeleggje matopplevinga til pasienten om dei blir blanda i mat.

Resoriblettar

Blir soge direkte opp frå munnhòla til blodet. Verkar raskt.

Gi drikke først. Verkar dårlegare hos pasientar som er tørre i munnen.

Entero-tablettar eller -kapslar

Verkestoffet blir først sett fri i tarmane for å verne legemiddelet mot den sure magesafta, eller for å verne magesekken mot legemiddelet.

Blir ofte merkt med E på slutten av preparatnamnet, til dømes AlbylE og NaprenE.

Skal i utgangspunktet svelgjast heile. Nokre kapslar kan opnast. Dersom det er korn (granulat) i kapselen, kan desse ikkje bli knust.

Depot- tablettar eller -kapslar

Verkestoffet blir sett fri litt etter litt og har effekt i lang tid.

Skal i utgangspunktet svelgjast heile. Kan delast dersom delestrek.

Nokre depotkapslar kan opnast, men korna må ikkje knusast. Dersom du knuser legemiddelet, kan det føre til for stor dose på kort tid (overdose), og at verketida blir kortare. Ver merksam på om pasienten tygg tablettane du gir.

Miksturar

Flytande legemiddel til oral bruk. Skal svelgjast. Blir vanlegvis dosert i ml.

Bruk eigna målereiskap, anten måleskei eller sprøyte.

Hugs å riste flaska godt før bruk dersom væska ikkje er klar. Nokre legemiddel skil seg når dei står, og dersom dei ikkje blir éin fase når du ristar dei, kan ikkje miksturen nyttast.

Noter opningsdato på flaska ved anbrot. Sjekk haldbarheit på flaska før bruk. Nokre antibiotikamiksturar blir laget på apoteket rett før utlevering, og dei er ofte berre haldbare i 10 eller 14 dagar.

Brusetablettar

Tablettar som blir løyste opp i vatn eller saft før bruk og skal drikkast. Verkar raskare enn vanlege tablettar.

Må ikkje svelgjast heile fordi dei kan gi etseskadar på slimhinnene.

Rektale legemiddelformer

Denne gruppa legemiddel blir gitt i endetarmen, og det er anten stikkpille eller klyster. Dei kan ha både lokal og systemisk verknad. Stikkpiller er ei eigna legemiddelform til dømes ved kvalme og feber hos små barn. Lokaltverkande stikkpiller blir til dømes nytta ved hemoroidar. Klyster blir nytta ved forstopping.

Vagitoriar

Vagitoriar er til bruk i skjeden. Dei er i vaginal stikkpilleform og verkar lokalt. Blir nytta ved soppinfeksjon eller ved tørre slimhinner.

Parenterale legemiddel

Parenteral betyr "utanom tarm". Dette er legemiddel som blir gitt utanom tarmen, som injeksjonar eller infusjonar.

Desse legemidla blir nytta når legemiddelet ikkje er mogleg å gi i tablettform, som til dømes insulin som blir brote ned av magesyre, eller når ein ønskjer rask effekt av legemiddelet ved å unngå at det blir brote ned i lever/fordøyingssystemet før det når det systemiske krinsløpet.

Legemiddel til inhalasjon

Dei aller fleste legemidla til inhalasjon verkar i luftvegane og blir gitt ved astma eller kols. Legemidla er anten i gassform eller pulverform.

Det kan vere utfordrande å ta inhalasjonsmedisinane riktig, og det er viktig at du les bruksrettleiinga som følgjer kvart enkelt legemiddel eller kvar enkelt inhalatortype. Dersom det finst kammer til inhalatoren, bør dette nyttast for å gi betre opptak av legemiddelet.

Legemiddelformer til lokal behandling

I denne gruppa finn vi fleire ulike legemiddel: hudmiddel, augedropar, nasespray og plaster.

Hudmiddel

Hudmidla kan vere feite salver utan vatn, kremar eller ein vasshaldig gel. Feite kremar har lengre verketid enn preparat med meir vassinnhald. Hudmidla kan nyttast for å tilføre huda fukt eller for å behandle eksem, akne eller hudinfeksjonar. Salver kan òg vere impregnerte i kompressar til sårbehandling. På eit væskande sår bør krem veljast, men på tørr hud er salve best. Ved påføring av legemiddelet skal huda alltid vere rein og tørr, og legemiddelet skal smørjast på i eit jamt lag. Hugs å verne di eiga hud mot verkestoffa ved å nytte hanskar.

Augedropar

Augedropar og augesalve blir gitt i nedre augelokkrand. Det er spesielt viktig med god handhygiene når vi handterer augedropar/augesalvar, på grunn av risikoen for bakterievekst. I auget er det plass til eit lite volum, faktisk berre ein femdels drope. Dersom pasienten skal ha fleire augedropar samtidig, er det derfor viktig å vente nokre minutt mellom kvar inndrypping, elles vil den eine vaske bort den andre. Salvene har lengre verketid enn dropane, men fordi dei fører til slørete syn, blir brukte augesalvar vanlegvis til natta. Det er svært ubehageleg å bli drypt med kalde augedropar, så dei bør i hovudsak vere oppbevarte i romtemperatur etter opning. Legemiddelet blir merka med anbruddsdato og namn på pasienten. Holdbarheten er fire veker for dei fleste augemidlane. Endosebeholdere er til eingongsbruk.

Nasespray

Nasespray er ein vanleg administrasjonsmåte når legemiddelet skal verke lokalt i naseslimhinna, til dømes ved allergi, men det kan òg verke på heile kroppen. Eit døme på systemisk verkande nasespray er migrenemedisin.

Legemiddelplaster

Enkelte legemiddel kan tilsetjast i plaster, og verknaden kan vere lokal (plaster tilsett lokalbedøvande legemiddel til bruk når ein tek blodprøve), eller verke i heile kroppen (systemisk). Døme på legemiddel i plasterform med systemisk verknad er smerteplaster, legemiddel til behandling av demens, nikotinplaster og prevensjonsplaster.

Plastera skal setjast på tørr, hårlaus og uskadd hud. Det varierer frå legemiddel til legemiddel kor hyppig eit plaster skal bytast. Nokre plaster blir bytte dagleg, mens andre blir bytte kvar veke. Plasseringa av plasteret skal variere, og for å sikre dette nyttar vi registreringsskjema. Det er viktig med gode rutinar for å setje på og fjerne plaster. Vi veit at pasientar med demens kan fjerne plaster, og derfor er det òg viktig å ha rutinar for å sjekke at plasteret framleis er på. Hugs at plaster skal kasserast i legemiddelavfall etter bruk.

Utfordringar til deg

  1. Kva faktorar speler inn ved val av legemiddelform?

  2. Når kan det vere gunstig å velje ei anna legemiddelform enn tablettar?

  3. Kvifor er det viktig å nytte hanskar når du smør ein pasient med legemiddel i salveform?

Kjelder

Granås, A. G. & Mohanachandran, A. (2020, 17. april). Legemiddelform. I Store medisinske leksikon på snl.no. https://sml.snl.no/legemiddelform

Farmasihistorie. (2018, 12. mars). Legemiddelformer. https://farmasihistorie.com/w/index.php?title=Legemiddelformer

Skrive av Helene Grotle og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2023