Kreftsjukdom - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kreftsjukdom

Talet på personar som får ein kreftdiagnose, er aukande i Noreg, men overlevinga aukar òg, og fleire blir friske av kreft no enn før. I jobben som helsefagarbeidar vil du møte menneske i alle aldrar som er ramma av kreft, både som pasientar og som pårørande.

Førekomst

I store delar av verda har kreft gått forbi hjarte- og karsjukdom som den hyppigaste dødsårsaka, og i Noreg døydde nesten 11 000 personar av kreft i 2021. Førekomsten er hyppigast i land med høge inntekter, såkalla i-land, og tala er forventa å stige fram mot år 2030 fordi det blir fleire eldre i befolkninga. I 2021 vart det påvist 36 998 nye krefttilfelle i Noreg, omtrent tre gonger fleire enn for 50 år sidan. Dei fleste som får kreft her i landet, er over 60 år, og før vi fyller 75 år, har ein tredel av oss fått minst éin kreftdiagnose. Det betyr at over 300 000 nordmenn har hatt eller lever med kreftsjukdom, det er over 100 000 fleire enn for 10 år sidan.

For samfunnet fører det at fleire overlever kreft, til eit aukande behov for helsetenester på grunn av sjukdommen eller seinverknader av behandlinga. I tillegg vil talet på personar som blir heilt eller delvis arbeidsuføre, auke.

Ulike former for kreft

Sjølv om talet på krefttilfelle er aukande fordi vi lever lenger og diagnostiseringa er betre, er det nedgang for enkelte kreftformer, som brystkreft, gynekologisk kreft og lungekreft blant kvinner. For nokre kreftformer er prognosane så gode at nesten alle overlever sjølv om sjukdommen har fått utvikla seg lenge før behandling startar, men for andre kreftformer, som lungekreft, leverkreft og kreft i bukspyttkjertelen, er sjansen for å overleve liten.

Fleire menn enn kvinner får kreft. Dei vanlegaste formene for kreft i Noreg er prostatakreft, brystkreft, lungekreft og tjukktarmskreft. Til saman utgjer desse kreftformene 50 prosent av alle tilfella, og prostatakreft åleine utgjer omtrent 15 prosent.

Førebygging av kreft

Tilrådingane for førebygging av kreft er i hovudsak dei same som for førebygging av hjarte- og karsjukdom og andre livsstilssjukdommar. Det finst fleire generelle råd for førebygging av kreft:

  • Verdshelseorganisasjonen tilrår minimum 150–300 minutt moderat aktivitet kvar veke, eller halvparten dersom det er trening med høg intensitet. Når det gjeld førebygging av kreft, er det sannsynlegvis betre jo meir aktiv du er. Fysisk aktivitet verkar førebyggande mot kreft og mange andre livsstilssjukdommar, og det gjer det i tillegg enklare å halde seg innanfor normalvekta, noko som òg er ein førebyggande faktor.

  • Fullkornsprodukt og matvarer med høgt fiberinnhald kan førebygge fleire former for kreft fordi inntak av fiber stimulerer fordøyinga. I tillegg kan eit fiberrikt kosthald motverke overvekt, og overvekt er i seg sjølv ein risikofaktor for både kreft og andre sjukdommar og helseplager.

  • I tillegg til kostfiber inneheld grønsaker og frukt mange vitamin og mineral som kan påverke risikoen for kreft. Dei har òg eit høgt innhald av antioksidantar, og det er derfor truleg at eit høgt inntak av grønsaker og frukt har ein vernande effekt.

  • For å minske risikoen for kreft bør du redusere inntaket av omarbeidd kjøtt eller heilt unngå å ete det. Dette har samanheng både med prosessen for framstilling av omarbeidde kjøttprodukt og at desse produkta ofte har eit høgt innhald av salt som kan skade mageslimhinna.

  • Alkoholinntak er ein risikofaktor for mange kreftformer, og sjølv eit lågt alkoholforbruk medfører auka kreftrisiko. Alkohol påverkar kvinnelege kjønnshormon, og når alkohol blir broten ned i levra, blir det danna kreftframkallande stoff som kan skade celler. Dersom du røyker i tillegg til å drikke alkohol, blir risikoen for enkelte kreftformer mangedobla.

I tillegg kjem spesifikke tiltak retta mot førebygging av ulike kreftformer, som til dømes solvern for å førebygge føflekkreft, HPV-vaksinasjon for å førebygge livmorhalskreft og screeningprogram som Livmorhalsprogrammet og mammografiprogrammet mot brystkreft.

Diagnose og behandling

Fordi kreft er ei stor gruppe sjukdommar med over 200 ulike former, er det nødvendig med mange ulike undersøkingar for å stille rett diagnose. Ved grunngitt mistanke om kreft skal derfor legen vise til pakkeforløp for kreft for å unngå unødig ventetid for utgreiing og behandlingsstart. I tillegg til klinisk undersøking, blodprøver og ulike røntgen- og ultralydundersøkingar blir det teke celle- og vevsprøver for å finne ut kva krefttype det dreier seg om, for å kunne starte rett behandling. Målet er å finne behandlingsformer som sikrar at flest mogleg overlever med færrast mogleg komplikasjonar og seinskadar.

Dei tradisjonelle behandlingsformene for kreft er cellegift, kirurgi og stråling, anten åleine eller i kombinasjon med kvarandre. Dei seinare åra har det òg vorte vanleg med immunterapi og målretta behandling/signalhemmarar i tilfelle der dei tradisjonelle behandlingsformene ikkje verkar like godt. Immunterapi er behandling som skal stimulere immunsystemet til sjølv å oppdage og kjempe mot kreftcellene. Immunterapi blir gitt intravenøst og gir færre alvorlege biverknader enn cellegift, men nokon kan oppleve biverknader som betennelsesreaksjonar i ulike organ fordi immunforsvaret blir overaktivt. Målretta behandling/signalhemmarar er medikamentell behandling med tablettar som hemmar evna kreftcellene har til celledeling, og det kan vere eit alternativ dersom kreften har spreidd seg eller ikkje kan fjernast ved operasjon.

Utfordringar til deg

  1. Kva er årsakene til at talet på krefttilfelle i Noreg er aukande?

  2. Kvifor er det viktig med tidleg diagnostisering og rask start på behandling av kreftsjukdom?

  3. #sjekkdeg-kampanjen vart starta av Thea Steen som døydde av livmorhalskreft berre 26 år gammal. Korleis blir du påverka av at det er ein ung person som frontar ein slik kampanje? Diskuter i klassen.

Kjelder

Helsedirektoratet. (2022, 9. mai). Fysisk aktivitet i forebygging og behandling: Nasjonale faglige råd. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/fysisk-aktivitet-i-forebygging-og-behandling/voksne-og-eldre#voksne-rad-anbefaling-fysisk-aktivitet-150-300-minutter-per-uke

Helsenorge. (2021, 12. april). Føflekkreft (Melanom). https://www.helsenorge.no/sykdom/kreft/foflekkreft/

Hjartåker, A., Pedersen, J. I, Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Kreftregisteret. (2021, 21. september). Kreft i Norge. https://www.kreftregisteret.no/temasider/om-kreft/

World Cancer Research Fund/ American Institute for Cancer Research.(2018). Dia, Nutrition, Physical Activity and Cancer: a global Perspective. Continuous Project Expert Report 2018 . https://www.wcrf.org/wp-content/uploads/2021/02/Summary-of-Third-Expert-Report-2018.pdf

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2022