Oppgave
Jobbmeistrande oppfølging
Arbeid er viktig for økonomien til kvar enkelt, men òg for helse, trivsel og livskvalitet. I denne filmen møter du Sigbjørn, som takka vere eit oppfølgingstilbod for personar med psykiske lidingar meistrar både jobb og livet elles betre enn før.
- Kva er målet med jobbmeistrande oppfølging?
- Kva blir meint med at prosjektet er hjelp til sjølvhjelp?
- Kvifor er arbeid viktig for sjølvkjensla?
- Korleis kan jobben hjelpe Sigbjørn til å ha kontroll på sjukdommen sin?
Kva blir meint med "empowerment"?
- Gå til nettsidene til Nav og les om oppfølging og tiltak for å komme i jobb, og finn ut kva tilbod som finst for å hjelpe personar med psykiske helseproblem inn i arbeidslivet.