Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming - Case: på jobb i ungdomsklubb - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Oppgåve

Case: på jobb i ungdomsklubb

Dette er ein case for fagarbeidaren som skal førebu seg til yrkeslivet. Det er ei oppgåve som kan løysast aleine eller i gruppe.

Case

Du jobbar i ein ungdomsklubb for ungdom i alderen 10 til 15 år. Dette er ein klubb for ungdom med ulike typar funksjonshemming, og fleire av dei som deltek på klubben, har ulike grader av psykisk utviklingshemming. Dette betyr at det er ganske stor variasjon blant ungdommane, både når det gjeld interesser og funksjonsnivå.

Ungdomsklubben tilbyr aktivitetar som musikk – dei har instrument som kan lånast, ulike typar spel – både brettspel og spel som bordtennis og biljard. Det er òg ein gymsal og kjøkken i tilknyting til klubben, desse kan brukast ved behov. Du har fått i oppgåve å lage ein aktivitetsplan for klubben.

Spørsmål

  1. Korleis vil du gå fram for å finne ut/kartlegge kva for aktivitetar som kan vere aktuelle?

  2. Kva skal vere målet for aktivitetsplanen?

  3. Korleis kan de legge til rette for aktivitetar som inkluderer alle, og som alle meistrar?

Skrive av NAKU. Rettshavar: NAKU
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022