Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming - Kva er psykisk utviklingshemming? - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Fagartikkel

Kva er psykisk utviklingshemming?

Psykisk utviklingshemming er ei samlenemning for fleire tilstandar som har til felles at dei inneber ei nedsetjing av eller svikt i kognitive funksjonar.

Psykisk utviklingshemming

Psykisk utviklingshemming blir definert som ein tilstand der utvikling av evner eller funksjonsnivå er forsinka eller mangelfull. Dette er evner som bidreg til det generelle intelligensnivået, som til dømes minne, læringsevne, oppfatning, tenking, språklege og sosiale ferdigheiter.

Funksjonsnivå seier noko om evne og moglegheit til å fungere i omgivnadene og i daglegdagse aktivitetar. For å få diagnosen psykisk utviklingshemming må tilstanden ha oppstått før personen har fylt 18 år.

Psykisk utviklingshemming er altså ei samlenemning for fleire tilstandar som har til felles at dei inneber ei nedsetjing eller ein svikt i kognitive funksjonar, altså svikt i evne til å lære, forstå og sjå samanhengar. Dette betyr at personar med diagnosen psykisk utviklingshemming er svært forskjellige, og har ulike utfordringar.

Ulike grader av utviklingshemming

Det er vanleg å dele psykisk utviklingshemming inn i fire grader: lett, moderat, alvorleg og djup utviklingshemming. For å få diagnosen psykisk utviklingshemming må evnetestar vise ein IQ –intelligenskvotient – på under 70.

I tillegg undersøkjer ein personen sine evner på andre område, som motorikk, altså funksjonar som styrer rørsler, språk og sosial kompetanse, eller korleis ein oppfører seg saman med andre menneske. Ein ser også på evne til å klare daglegdagse aktivitetar.

I samband med slike testar snakkar ein gjerne om mental alder. Dette er eit omgrep som seier noko om ein person sin modenskap. Eit vakse menneske med ein mental alder berekna til ca. 6–9 år har sjølvsagt langt meir livserfaring enn eit barn på 6–9 år.

Lett psykisk utviklingshemming

IQ er mellom 69 og 50, og den mentale alderen er vurdert til å vere rundt 9–12 år.

Ein person med lett psykisk utviklingshemming kan i stor grad ta vare på seg sjølv. Personen kan gjere mange daglegdagse oppgåver, som personleg hygiene, matlaging og andre praktiske oppgåver i huset.

Mange kan delta i vanlege samtalar, men dei kan ha problem med å forstå og uttrykkje seg.

Moderat psykisk utviklingshemming

IQ er mellom 49–35, og den mentale alderen er vurdert til å vere frå 6–9 år.

Ein person med moderat psykisk utviklingshemming vil ha noko avgrensa evne til eigenpleie og personleg hygiene, og til å gjere oppgåver i huset. Dei vil kunne utføre mange av oppgåvene sjølv, men dei vil òg trenge hjelp og støtte i mange daglegdagse gjeremål.

Språket er ofte forsinka utvikla hos personar med moderat utviklingshemming.

Alvorleg psykisk utviklingshemming

IQ er mellom 34 og 20, og den mentale alderen er frå 3–6 år.

Alvorleg psykisk utviklingshemming er nokså likt moderat psykisk utviklingshemming, men nivået på det den utviklingshemma kan gjere, er lågare. Det gjeld både språk og evne til å utføre daglegdagse oppgåver.

Dei fleste med alvorleg psykisk utviklingshemming har i tillegg problem med motorikken.

Djup psykisk utviklingshemming

IQ er under 20, og den mentale alderen er vurdert til å vere under 3 år.

Personar med djup psykisk utviklingshemming har ofte store problem med å røre seg, og dei har lita eller inga evne til å vareta eigne behov.

Djup utviklingshemming inneber også ei svært avgrensa evne til å bruke og forstå språk.

Rettshavar: NAKU
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022