Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming - Universell utforming gir like moglegheiter - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Film og filmklipp

Universell utforming gir like moglegheiter

Universell utforming er viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet. Mange produkt og ulike former for tilrettelegging som i utgangspunktet vart utvikla for personar med funksjonsnedsetjingar, fungerer òg godt for alle andre.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er universell utforming viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet?
  2. Kva produkt kjenner du til, i tillegg til dei som blir nemnde i filmen, som opphavlege vart utvikla som eit hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetjingar?
  3. Korleis kan universell utforming av miljøet vere ein fordel òg for personar utan funksjonsnedsetjingar? Gi døme.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er universell utforming?

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020