Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming - Universell utforming og ulike buformer - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Fagartikkel

Universell utforming og ulike buformer

Universell utforming er ein langsiktig nasjonal strategi for å bidra til å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle og hindre diskriminering. Universell utforming dreier seg om å forme og leggje til rette fysiske forhold i samfunnet for å fremje like moglegheiter til deltaking i samfunnet.

Likestilling

Universell utforming har fokus på og er ein verdi som vedkjem likestilling. Ein ønskjer å komme bort frå ein tankegang der individet blir definert som problemet, og der spesielle tiltak for kvar enkelt person med nedsett funksjonsevne blir hovudløysinga.

Det fysiske miljøet

Universell utforming av det fysiske miljøet inneber ei form for tilgjengelegheit og tilpassing, slik at hovudløysinga kan brukast av flest mogleg. Det dreier seg altså om ein grunnleggjande ide om å forme samfunnet slik at så mange som mogleg kan delta, og målet er at alle, uavhengig av funksjonsnivå, skal kunne bruke dei same løysingane som er universelt utforma.

Buformer

Institusjonsomsorg for utviklingshemma blei i Noreg avvikla i perioden 1991–1995. Ansvarsreforma, også kalla HVPU-reforma, handla om at dei store institusjonane der mange personar med psykisk utviklingshemming budde, skulle bort. Ansvaret for å gi dei eit butilbod blei då overført frå fylkeskommunane til heimstadkommunane.

Bufellesskap

Etter avviklinga av institusjonane har dei fleste menneska med utviklingshemming budd i bustadar med ulike former for fellesskapsløysingar. Bufellesskap, der personar med utviklingshemming bur i eigne husvære knytt til kvarandre, og også knytt til ei eller anna form for personalbase, er blitt ei stadig meir vanleg buform. Mange personar med utviklingshemming bur altså i ein bustad der dei har nær tilknyting til tilsette eller tenesteytarar i kommunen som skal støtte dei.

Private heimar

Dei fleste menneske med utviklingshemming bur i husvære som dei leiger, som oftast av kommunen. Det at dei bur i eigne husvære, betyr at ein får og gir hjelp i private heimar. Heimen til personar med utviklingshemming blir då både ein privat heim og ein arbeidsplass, med dei utfordringar det kan føre med seg.

Det å ha andre sin heim som arbeidsplass stiller store krav til tenesteytarar, og det er viktig å tenkje over korleis tenestene blir gitte. Ein bustad er ein person sin heim og hans private område, ein er der som gjest også når ein gir nødvendige tenester. Det er derfor viktig at personar som skal hjelpe i heimen, har respekt for privatlivet til den som bur der, og opptrer med audmjukskap.

Ein må også ta omsyn til korleis personen sjølv ønskjer å ha det i heimen, om vedkomande ønskjer å ha eit skinnande reint husvære, eller om ein ønskjer å ha det litt meir rotete.

Sjølvråderett

Å bestemme sjølv, eller sjølvråderett, er forankra både i menneskerettserklæringa frå FN og i norsk lovgiving.

Alle sett pris på å ha innverknad på eige liv, og det å bestemme sjølv blir rekna som ein viktig føresetnad for positiv utvikling og identitet. Som personar blir vi forma av dei vala vi tek, og dei vi ikkje tek. Sjølvråderett er derfor viktig for å kunne utvikle seg og stå fram som ein eigen person.

Livskvaliteten til kvar enkelt har også å gjere med grad av påverknad på eige liv. Ei psykisk utviklingshemming kan gjere det vanskeleg å ta val eller forstå konsekvensar av desse. Likevel er sjølvråderett eit viktig element når ein skal gi tenester til personar med utviklingshemming. Det er då viktig at tenester er bygde opp på ein slik måte at personar med utviklingshemming i så stor grad som mogleg kan ta eigne val.

Tenesteytarar må leggje til rette for at personar med utviklingshemming skal kunne velje sjølve på område der dei er i stand til det. Sjølvråderett er alt frå å ta enkle avgjersler i kvardagen om når ein skal stå opp eller kva ein skal ha på seg, til store val som handlar om eiga framtid.

Å bestemme over seg sjølv er noko som må lærast. Den enkelte må då ha moglegheit til å ta eigne val, og få moglegheit til å prøve og feile. Dette gjeld også menneske med utviklingshemming.

Rettshavar: NAKU
Sist fagleg oppdatert 24.03.2022