Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming - Å skape gode relasjonar - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming

Fagartikkel

Å skape gode relasjonar

I helsearbeid har god samhandling mellom deg og pasient eller brukar mykje å seie for det arbeidet du skal gjere. Veremåten din og evna di til å vise og handle empatisk og anerkjennande påverkar det å utvikle ein god relasjon.

Veremåte

Når du møter ein pasient eller brukar for første gong, er du ein framand for denne personen. Du må derfor ta imot pasienten eller brukaren slik du tek imot ein kva som helst framand person, med respekt og positiv interesse.

For å skape ein god relasjon må du vere medviten din eigen veremåte. Veremåten din i møte med andre påverkar sjølve relasjonen mellom dykk. Kva signaliserer du med kroppen? Signaliserer du tryggleik og at du er imøtekomande, eller travelheit, uro og avvising?

For å utvikle ein god relasjon er det viktig at veremåten din viser venlegheit, interesse og ei imøtekomande haldning. At du er avslappa, men samtidig er konsentrerte og lyttar nøye, har noko å seie for korleis den andre oppfattar deg. Når du er levande og spontan med ekte mimikk og snakkar tydeleg med ord mottakaren kan forstå, bidreg det positivt i relasjonen. Blikket og kroppsspråket ditt påverkar òg relasjonen, så ver medviten på korleis du nyttar dette.

I tillegg har det noko å seie for ein god relasjon at du er uredd og kan samtale om det pasienten eller brukaren vil snakke om. Du bør ikkje avbryte, men la pasienten eller brukaren kome til orde, og du bør klare å trekkje ut det viktigaste i innvikla historier. Still gjerne spørsmål for å sjå om du oppfattar det riktig, det er òg med på å styrkje kommunikasjonen mellom dykk.

Empati

At du viser empati, er òg viktig for ein god relasjon mellom deg og den andre. Empati er evna til å setje seg inn i situasjonen til ein annan og til å forstå kjenslene, tankane og reaksjonane til den andre.

Empati handlar om å vere orientert mot den andre slik at du får tilgang til erfaringane, kjenslene og den andre sine måtar å tenkje på. Slik får du kunnskap om dei indre opplevingane til den andre. Når du får denne kunnskapen om andre sitt indre liv, kan du respondere støttande og bekreftande. Det gir deg òg informasjon om kva som er viktig for den andre, slik at du kan hjelpe på premissane til den andre og dermed gi betre omsorg.

Anerkjenne

I helsearbeid er empati ei profesjonell ferdigheit. Men vi skal ikkje berre forstå den andre, det er òg viktig at vi melder tilbake at det er oppfatta og respektert. Vi må formidle at vi prøver å forstå, og deretter ta omsyn til det vi oppfattar som viktig for den andre. Det hjelper lite at du forstår den andre, viss du ikkje vidare handlar ut frå denne forståinga til det beste for personen.

Når nokon opplever seg empatisk forstått, men ikkje anerkjend eller respektert, kan det føre til at personen kjenner seg fordømd. For å unngå dette er det viktig at vi stadfestar dei kjenslene og reaksjonane personen uttrykkjer.

Å anerkjenne nokon handlar om å vise at du stadfestar og respekterer opplevingane til den andre, og det er det kjenslemessige aspektet som er det sentrale. Du viser at du toler kjenslene til den andre og aksepterer at dette er opplevinga til personen. Vis at du forstår og respekterer tankane og reaksjonane uansett kva kjensler den andre formidlar. Du prøver å forstå korleis den andre opplever det ut frå sitt perspektiv. Det betyr ikkje at du skal anerkjenne handlingar som ikkje er gode, men at du anerkjenner kjensla som oppstår i denne situasjonen.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du bli medviten din eigen veremåte i samhandling med andre?

  2. Kvifor er empati ei profesjonell ferdigheit i helsearbeid?

  3. Kvifor er anerkjenning viktig for å skape gode relasjonar?

Kjelde

Røkenes, O. H. & Hanssen, P.-H. (2012). Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker (3. utg.). Fagbokforlaget.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2021