Innafor: Psykopat - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Innafor: Psykopat

Korleis er det å leve med ei personlegdomsforstyrring eller å leve saman med ein person med ei slik Iiding? I episoden "Psykopat" frå NRK-serien Innafor kan du lære meir om psykopati. Det er ikkje ein medisinsk diagnose, men omgrepet blir brukt om ei form for dyssosial personlegdomsforstyrring.

Oppgåver til filmen

Jobb med oppgåvene saman i små grupper på tre–fire elevar. Etterpå kan de diskutere og reflektere saman i klassen.

  1. Korleis kan omsorgssvikt og traume i barndommen føre til utvikling av personlegdomsforstyrringar?

  2. Kvifor er det så vanskeleg å ha mellommenneskelege relasjonar for ein person med personlegdomsforstyrringar?

  3. Kva er årsakene til at det tek så lang tid å behandle personlegdomsforstyrringar?

  4. Brukarar med personlegdomsforstyrringar har ofte vanskar med mellommenneskeleg relasjonar. Korleis trur de dette kan påverke relasjonane mellom brukarane og fagpersonar i helse- og oppveksttenestene?

Praktisk oppgåve

Korleis kan de som fagarbeidarar motivere brukarar med personlegdomsforstyrringar til stå i behandling over lengre tid?

  1. Lag eit rollespel saman med ein medelev der ein av dykk er fagarbeidar, og den andre er pasient som ønsker å slutte med terapi. Resten av gruppa er observatørar.

  2. Reflekter først i gruppa og deretter i klassen over desse punkta:

  • Korleis var det å vere pasient?

  • Korleis opplevast det å vere fagarbeidar i denne situasjonen?

  • Kva opplevde du/de som observerte?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2023