Kvardagsmeistring innan rusomsorg og psykisk helsearbeid - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Kvardagsmeistring innan rusomsorg og psykisk helsearbeid

Kvardagsmeistring handlar om å fokusere på meistringa og ressursane til brukaren. Det dreier seg òg om å leggje til rette for tiltak som fremjar livskvalitet og aktiv deltaking i samfunnet. I denne filmen møter du ein helsefagarbeidar som jobbar med motivasjon og meistring for ulike brukarar.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva blir meint med å møte brukarane på premissane deira?
  2. Kvifor er det viktig å la brukarar gjere det dei klarer, sjølv, i staden for at du som helsefagarbeidar gjer det for dei?
  3. Helsefagarbeidaren snakkar på slutten av filmen om at brukarane legg liva sine i hendene hans og ber om hjelp. Kva trur du han meiner med det? Diskuter med medelev.
Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020