Fagstoff
Video
Kva er kreft?
Kroppen produserer heile tida nye celler for å erstatte cellene som blir gamle og døyr. Kreft kjem av at det oppstår mutasjonar (skadar) i arvestoffet i cella slik at celledelinga kjem ut av kontroll. Det kan då bli ei opphoping av celler som etter kvart dannar ein kreftsvulst.
Video: Norsk Helseinformatikk / CC BY-SA 4.0
Utfordringar til deg
Sjå filmen, og forklar omgrepa:
mitose
apoptose
mutasjon
benign
malign
primærstad
sekundærstad
metastase
Kva skjer dersom det blir ubalanse i forholdet mellom mitose og apoptose?
Korleis kan kreftceller flytte seg til frå ein del av kroppen til andre delar?
Relatert innhald
Celledeling
Alle levande organismar er bygde opp av celler. Når ein organisme veks, er det fordi cellene veks og deler seg slik at det blir stadig fleire celler.
Regulering av cella sin livssyklus
Når og kor ofte ei celle skal dele seg, er nøye regulert gjennom cella sitt eige kontrollsystem.