Elektronisk og manuell blodtrykksmåling - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Elektronisk og manuell blodtrykksmåling

Å måle så korrekt blodtrykk som mogleg krev både kunnskap og mengdetrening. Gå saman i par og bruk øvingane på denne sida til å bli betre kjent med både manuell og elektronisk blodtrykksmåling.

Jobb saman i par.

  1. Lytt dykk fram til armpulsåra ved å nytte stetoskopet. Bruk membransida av bryststykket. Tel puls i 15 sekund, og gong det med fire. Noter verdien.

  2. Klem bryststykket hardt ned. Kva skjer med lyden?

  3. Mål manuelt blodtrykk på kvarandre og noter over- og undertrykk. Bruk deretter elektronisk blodtrykksapparat og gjennomfør éi måling. Kva blir verdiane på dei ulike målingane?

  4. Gjenta elektronisk måling, denne gongen tre gonger på rad, og finn gjennomsnittet. Korleis samsvarer verdiane av den manuelle og den elektroniske målinga?

  5. Mål manuelt blodtrykk først på høgre arm, deretter på venstre arm. Kva blir verdiane for kvar måling?

  6. Mål blodtrykket elektronisk i ulike stillingar.

    1. Hugs riktig armhøgde, kviletid før måling og avslappa sitjestilling. Noter verdiane.

    2. Gjer det same igjen, men no med armen hengande ned, beina i kryss og framoverbøygd. Noter verdiane.

    3. Samanlikn verdiane av dei to målingane. Korleis påverkar sitjestilling blodtrykket?

  7. Systolisk og diastolisk trykk blir òg kalla over- og undertrykk. Forklar kva som ligg i omgrepa.

Relatert innhald

Fagstoff
Sirkulasjon

Blodet og sirkulasjonssystemet sørgjer for at stoff vert transportert rundt i kroppen. Arteriar leier blod frå hjartet og ut til kapillær.

Fagstoff
Hjartet

Hjartet er ein muskel omtrent så stor som knyttneven din. Det sørgjer for transport av livsnødvendige stoff og er den viktigaste muskelen i kroppen vår.

Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021