Desinfeksjon og sterilisering - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Desinfeksjon og sterilisering

Fleirgongsutstyr, både instrument og tekstilar, blir forureina av organisk materiale og mikroorganismar når vi bruker dei. Då er det viktig at vi reingjer og desinfiserer dette utstyret så snart som råd etter bruk. Inntørka organisk materiale reduserer effekten av desinfeksjonen.

Desinfeksjon og sterilisering

Desinfeksjon
er ein prosess for å uskadeleggjere mikroorganismar. Denne prosessen drep dei fleste mikroorganismar, men han tek ikkje livet av bakteriesporar.
Sterilisering
er ein prosess som drep alle mikroorganismar, også bakteriesporar. Steriliserte gjenstandar og tekstilar blir rekna som sterile, altså fri for mikroorganismar.

Desinfeksjon

Vi skil mellom to hovudtypar av desinfeksjon: teknisk desinfeksjon og huddesinfeksjon. Teknisk desinfeksjon er desinfeksjon av gjenstandar, golv, inventar og liknande. Huddesinfeksjon er desinfeksjon av hud og slimhinner hos pasientar og personale.

Teknisk desinfeksjon

Vi har to metodar for teknisk desinfeksjon: varmedesinfeksjon og kjemisk desinfeksjon.

Varmedesinfeksjon

Den sikraste, enklaste, rimelegaste og mest miljøvennlege metoden for teknisk desinfeksjon er desinfeksjon med fuktig varme. Denne metoden bør vi bruke der det er mogleg. Desinfeksjonen skjer då i ein dekontaminator (bekkenspylar) eller instrumentvaskemaskin. På kjøkkenet er det oppvaskmaskina som desinfiserer dekketøy og liknande. Desse maskinene spyler reint utstyret før desinfeksjon.

Kjemisk desinfeksjon

Vi bruker kjemisk desinfeksjon på utstyr som ikkje toler varme, eller som er så stort at det ikkje får plass i ein dekontaminator. Vi bruker òg kjemisk desinfeksjon på flater som må desinfiserast, som golv og benkar. Vanlegvis held det med mekanisk reingjering med vatn og reingjeringsmiddel på golv og inventar, desinfeksjonsmiddel blir berre brukte dersom det er sølt med smittefarleg materiale eller ved avvikling av streng isolering på grunn av smittefare.

Verknaden av kjemisk desinfeksjon er avhengig av om det har vore direkte kontakt mellom desinfeksjonsmiddelet og den eventuelle mikroorganismen. Verknaden er òg avhengig av kor konsentrert desinfeksjonsmiddelet er, av temperatur, pH og kor mykje organisk materiale som er på utstyret.

Mengda av mikroorganismar på utstyret er avgjerande for effekten. For å få best mogleg verknad av desinfeksjonen må vi følge dei konsentrasjonane og den brukstida som står på etiketten til middelet.

Huddesinfeksjon

Huddesinfeksjon er ein del av handhygieneprosedyren for personalet, og høyrer òg til hud- og slimhinneprepareringa på pasientar før ulike inngrep. Huda blir desinfisert når hudbarrieren skal brytast, til dømes ved operative inngrep og injeksjonar. Vi bruker kjemiske desinfeksjonsmiddel som er spesielt berekna for hud og slimhud.

Sterilisering

Det er nødvendig at utstyr som kjem i kontakt med normalt sterile område, er sterile. Dette er utstyr vi bruker når vi bryt den naturlege barrieren på pasienten – som hud og slimhud – og utstyr som kjem i kontakt med sterile slimhinner som urinvegar og nedre luftvegar.

Ved sterilisering kan vi bruke emballasje. Det vil seie at vi kan pakke inn produkta før dei blir steriliserte. Emballasjen vernar produktet og held det sterilt til vi skal bruke det.

Det er ulike måtar å sterilisere utstyret på. Vassdampsterilisering og tørrsterilisering er relativt enkle, kontrollerbare og miljøvennlege metodar. Dei er difor gjerne førstevalet blant steriliseringsmetodane. Andre steriliseringsmetodar er gass- og strålesterilisering. Dei er vanlegare til industriell sterilisering, blant anna av eingongsutstyr.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen mellom desinfeksjon og sterilisering?

  2. Kvifor er desinfeksjon med varme å føretrekke framfor kjemisk desinfeksjon?

  3. Kvifor er det viktig at utstyr blir reingjort og desinfisert snarast råd etter bruk?

Kjelde

Legemiddelverket (2023, 21. juni). Oversikt over godkjente desinfeksjonsmidler og veiledning for bruk. https://www.legemiddelverket.no/bivirkninger-og-sikkerhet/rad-til-helsepersonell/bruk-av-desinfeksjonsmidler#Desinfeksjonsmiddelavfall--

Relatert innhald

Fagstoff
Korleis blir smitte spreidd og hindra?

Sjukdommar forårsaka av mikroorganismar er smittsame fordi mikroorganismane kan overførast frå individ til individ. Lær meir om smittespreiing.

Skrive av Jørn Stordalen.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2023