Hopp til innhald
Film og filmklipp

Bruk av verneutstyr

Bruk av personleg verneutstyr er ein sentral del av smittevernrutinane i helsetenesta. I denne filmen viser og forklarer sjukepleiar Lisbeth Bergersen rett prosedyre for påkledning og avkledning av stellefrakk, smittefrakk og hanskar for å unngå smittespreiing.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Merknad til filmen

Handhygiene skal alltid utførast umiddelbart etter at ureine hanskar er tekne av. I filmen tek sjukepleiaren av seg hanskane før ho tek av seg stellefrakken. I samsvar med prosedyre skal handhygiene utførast når ho tek av seg hanskane, før ho tek av seg stellefrakken, slik ho demonstrerer når ho tek av hanskane før ho tek av smittefrakken.

Utfordringar til deg

  1. Kva er forskjellen på ein stellefrakk og ein smittefrakk?

  2. Kva meiner vi med at stellefrakken er pasientbunden?

  3. Mange institusjonar bruker mykje eingongsutstyr, som forkle eller smittefrakkar som blir kasta etter bruk. Drøft med ein medelev kva som er fordelar og ulemper med bruk av eingongsfrakkar.

Kjelde

Folkehelseinstituttet. (2022, 22. desember). Personlig verneutstyr: Beskyttelsesfrakk og plastforkle. I Basale smittevernrutiner. https://www.fhi.no/sm/smittevern-i-helsetjenesten/handbok-for-basale-smittevernrutiner/alle-kapitler/personlig-beskyttelsesutstyr/?term=#beskyttelsesfrakk-og-plastforkle

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2024