Barn i sorg - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Barn i sorg

Sorg er ein normal og naturleg reaksjon på alle slags tap. Dei følelsesmessige reaksjonane barn får, er normale og naturlege. Barn og unge har ulike føresetnader for å handtere sorg.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Korleis bør du snakke med barn som opplever sorg?
  2. Kvifor er openheit bra?
  3. Kva er ei sorggruppe?
  4. Kva er fordelane med at barna får snakke med andre om det dei har opplevd?
  5. Ofte er det vanskeleg for oss å sjå at barn har det vanskeleg. Kvifor er det slik?
  6. Korleis skal ein oppføre seg mot barn i sorg?
  7. Diskuter kva de kan gjere for å hjelpe barn i sorgprosessen.
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2020