Barbering - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Barbering

Barbering er ein del av det daglege stellet til mannen. Enkelte føretrekkjer barbermaskin, mens andre ønskjer å nytte barberhøvel, kost og såpe.

Nødvendig utstyr

  • barbermaskin eller
  • barberhøvel, kost, såpe eller barberskum
  • handkle, spegel
  • etterbarberingsvatn eller ein krem

Prosedyre

Ved bruk av høvel:

  • Utfør prosedyre for god handhygiene.
  • Legg eit handkle rundt halsen til pasienten.
  • Fukt huda med lunke vatn.
  • Stryk barberskum utover huda eller stryk barbersåpe utover med kosten.
  • Stram huda med den eine handa.
  • Barber med skjeggveksten.
  • Skyl høvelen ofte i lunke vatn.
  • Etter barberinga skyl du huda med lunke vatn til alle såperestane er borte, så tørkar du huda godt.
  • Ta eventuelt på etterbarberingsvatn eller krem dersom brukaren ønskjer det.
  • Vask utstyret.
  • Utfør prosedyre for god handhygiene.

Ved bruk av maskin:

  • Utfør prosedyre for god handhygiene.
  • Stram huda med den eine handa.
  • Før maskina med roterande rørsler.
  • Barber ansiktet og halsen.
  • Ta på etterbarberingsvatn eller ein krem dersom brukaren ønskjer det.
  • Reingjer maskina ved å opne og tømme ho. Børst forsiktig skjegg ut av maskina.
  • Følg bruksrettleiinga til maskina for grundigare reinhald.

Utfordringar til deg

  1. Kor ofte kan det vere nødvendig med grundig reinhald av barbermaskina?
  2. Kvifor er det nødvendig å stramme huda under barberinga?
  3. Spør ein du kjenner, om du kan få prøve å barbere han. Be om tilbakemeldingar undervegs. Noter dei tilbakemeldingane du får. Kva var det viktigaste du lærte av dette?
Skrive av Marit Smith Sørhøy og Lillian Brønseth.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021