Fagstoff
Video
Skinnet bedreg
NRK i Tromsø har laga ein TV-dokumentar om eit ungt menneske på snart 100 år. Ei dame som ikkje vil gå glipp av noko moro. Eit menneske med eit skarpt hovud og stor livsappetitt.
Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
Bak ein rullator i Tromsø finn vi eit fascinerande menneske: 96 år gamle Signe Landmark. Dama med Batman-sveisen samla allereie for fire år sidan vener til eige gravøl.
Oppgåver
Sjå filmen Skinnet bedrar!
- Kvifor trur du filmen har denne tittelen?
- Kva for fysiske teikn på aldring ser de hos Signe?
- Kva er det ved Signe som gjer at det ikkje verkar som ho er 96 år?
- Kva kan minne bety for eit eldre menneske, og kvifor har Signe eit sterkt ønskje om å få kome tilbake til setra i Luster?