Hopp til innhald
Oppgave

Leggje til rette for indre motivasjon

Vi lærer best når vi er indre motiverte. I staden for å fokusere på å motivere menneske bør vi ifølgje sjølvbestemmingsteorien prioritere å leggje mest mogleg til rette for at dei skal motivere seg sjølve. Men korleis gjer vi det?

Oppgåver

  1. Reflekter først individuelt over desse spørsmåla, diskuter deretter i par eller i grupper. Samanfatt til slutt i klassen.

    1. Kva fordelar og ulemper har ytre kontrollert motivasjon?
    2. Kva fordelar gir indre motivasjon?
    3. Kva har motivasjonen din å seie i arbeidet med pasientar og brukarar?
    4. Kva er viktig å ta utgangspunkt i når du skal planleggje ein aktivitet eller ei oppgåve for brukarar i ulike aldrar slik at dei blir indre motiverte?
  2. Korleis kan de leggje til rette for at pasientar og brukarar skal motivere seg sjølve, altså bli indre motiverte, til å ta vare på eiga helse og livskvalitet? Lag ei liste med stikkord ut frå spørsmåla nedanfor.

    • Korleis skape tilhøyrsel?
    • Korleis leggje til rette for positive meistringsopplevingar?
    • Korleis leggje til rette for sjølvbestemming?
  3. Planlegg, gjennomfør og evaluer ein aktivitet der de jobbar med indre motivasjon.

    1. Planlegg ein aktivitet for ei pasient- eller brukargruppe. De vel sjølve målgruppe.
    2. Beskriv i planen kva de som helsefagarbeidarar må gjere for å leggje til rette for indre motivasjon.
    3. Gjennomfør aktiviteten med klassen.
    4. Gruppene evaluerer seg sjølve og kvarandre.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er god helse?

God helse er nært knytt til opplevinga av livskvalitet og det å meistre sin eigen kvardag.

Fagstoff
Livsstil

Kva for ein livsstil vi har, er eit resultat av kva for val vi har, og kva vi vel.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021