Skadestad

Opptreden på skadestaden
1. Ta leiinga
Den første personen som kjem til skadestaden, må ta leiinga. Det er viktig å leie og halde oversikt fram til det kjem kvalifisert personell til staden. Forsøk å opptre roleg.
2. Sikre skadestaden
Førstehjelparen får ikkje hjelpt nokon hvis hen sjølv blir skadd. Sjå etter årsaker til skaden, til dømes lause straumleidningar, maskiner som går, gassbehaldarar som slepper ut gass, eller andre openberre årsaker. Å sikre skadestaden kan til dømes vere å setje opp varseltrekant og sperreband, skru igjen gassbehaldarar eller slå av straumen.
3. Få oversikt
Kor mange er skadde? Kva slags skadar er det snakk om? Dersom du ikkje er i tvil om at det er behov for lege, tilkall lege umiddelbart på 113.
Undersøk pasienten: Sjå på → Snakk med → Ta på
Vurder graden av skaden, og medvitet. Førebu tiltak ved å følgje grunnprinsippa til førstehjelparen.
4. Prioriter
Dersom det er fleire skadde, må du gjere ei prioritering med tanke på kven du skal hjelpe først, og korleis. AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral 113) kan hjelpe deg med dette når du har kontakt med dei.
113 AMK
Er det behov for noka som helst form for medisinsk nødhjelp, ring 113, så kan dei bidra med råd, rettleiing og prioritering og hjelpe til med vidare innsats. Dei sender også hjelp om det trengst. Du kan bruke kva telefon som helst, du er ikkje avhengig av kode til tastelås, kort eller pengar.
Snakk roleg og tydeleg, ver fokusert på situasjonen, og hald kjensler utanfor samtalen. Samtalen bør innehalde:
- KVEN? Namn, adresse, telefonnummer.
- KVA? Kva er situasjonen? Kor mange er skadde, og kva slags skadar har dei?
- KVAR? Forklar så nøyaktig som mogleg kvar skadestaden er.
- Stadfesting: Prøv å få stadfesta meldinga di, slik at det ikkje oppstår misforståingar.
Film: Skadestedsledelse
Om du kjem til ein skadestad først, må du få oversikt over situasjonen, sikre skadestaden og tilkalle nødetatar. I filmen nedanfor (lengde 06:42) fortel innsatsleiaren at både profesjonelle og privatpersonar kan få sterke sanseinntrykk på ein skadestad. Det er derfor viktig å vere førebudd.
Diskuter
Kva seier innsatsleiaren om korleis dei førebur seg til å møte ein skadestad?
Kva seier innsatsleiaren om sikring og handtering av ein skadestad?
Er det store forskjellar på korleis ein profesjonell og ein privatperson skal handtere ein skadestad?
Kven bør ta leiinga ved ein skadestad? Kva oppgåver bør denne leiaren ha?
List opp kva punkt innsatsleiaren seier at vi skal gjere først og sist ved ein skadestad.
Korleis ville du lagt opp ei øving i skadestadshandtering? Kva ville du lagt vekt på?
Tenk over kva innsatsleiaren seier om å gjennomarbeide hendingar og sanseinntrykk. Dei profesjonelle har dette som fast rutine. Korleis meiner du privatpersonar bør gjennomarbeide sanseinntrykk?