Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Førstehjelp ved overdose

Servicemedarbeidarar, og spesielt vektarar, kan komme bort i situasjonar der ein person har teke overdose. Kva gjer du om du mistenker overdose?

Overdosedødsfall

I 2024 vart det registrert 342 overdosedødsfall i Noreg. Av desse var 75 prosent menn. Cirka 40 prosent av overdosedødsfalla skjer i det offentlege rommet – til dømes på samlingsstader for rusmiddelavhengige eller toalett på kjøpesenter.

Symptom på overdose

Ved overdose går pulsen ned, og pusten blir svekt. Nokre gonger kan det føre til hjartestans eller pustestans. Negler, fingertuppar og lepper kan bli blå som følge av utilstrekkeleg tilgang på oksygen i blodet.

Andre symptom på overdose kan vere kvalme, brekningar, magesmerter, krampar og muskelsamantrekkingar.

Førstehjelp

Undersøk pasienten og sjå etter symptom. Ved mistanke om overdose ring 113. Nødsentralen vil rettleie deg vidare. Gi Nalokson nasespray (motgift) dersom du har det.

Ved behov må du starte hjarte- og lungeredning, med 30 brystkompresjonar og 2 innblåsninger. Hald på med hjarte- og lungeredning til ambulansen kjem, eller til personen pustar normalt.

Tenk på eigen tryggleik – bruk hanskar og maske.

Kjelder

Helsenorge, 2023. Forebygging av overdose. HelseNorge.no: Forebygging av overdose

Helsedirektoratet. (2026, 12. februar). Narkotikautløste dødsfall i Norge (Rapport: Tall om illegale rusmidler). https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/tall-om-illegale-rusmidler/narkotikautloste-dodsfall-i-norge

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 17.09.2026