Vernerunde på skulen

Oppgåve
De treng
digital eining (pc/nettbrett/mobil) for skjemautfylling, biletdokumentasjon og notat
tilgang til internkontrollforskrifta og arbeidsmiljølova (Lovdata)
verneutstyr dersom bygget krev det (til dømes verkstad)
Del 1: Møte med verneombodet
Inviter skulen sitt verneombod (eller hovudverneombod) til klassen.
På førehand lagar kvar gruppe 2–3 spørsmål om korleis skulen jobbar systematisk med HMS, avvikshandtering og vernarunder.
Gjennomfør eit kort intervju med verneombodet. Ta notat.
Del 2: Planlegging av vernerunden
Kvar gruppe vel kvart sitt område på skulen (til dømes ein verkstad, utstyrslager, gymsal/garderobe, kantine, driftsbygning eller ei klasseromsfløy).
Kartlegg det valde området:
Kva for yrkesgrupper og elevar bruker dette området?
Kva for arbeids- og læringsaktivitar blir utførte her?
Kva for risikofaktorar finst her? (fysiske, kjemiske, ergonomiske, psykososiale, branntekniske med meir)
Kva for verneutstyr og sikkerheitsutstyr skal vere tilgjengeleg og i orden? (til dømes augeskyll, førstehjelpsskrin, brannsløkkar, nødtopp, avsug)
Lag ei sjekkliste som passar til området de skal undersøke. For kvart punkt bør det vere plass til ei kort beskriving, bilete og forslag til tiltak. Sjekklista må òg ha eigne felt for å krysse av for status (ok / bør utbetrast / kritisk mangel).
Del 3: Gjennomføring og rapport
Gjennomfør vernerunden
Gå runden i det valde området. Fyll ut sjekklista undervegs. Ta bilete av både gode døme og eventuelle avvik/manglar. (Hugs personvern – unngå å få med ansikt på bilete.)
Skriv ein rapport frå vernerunden
Oppsummer funna i ein rapport, der de tek med
ei beskriving av området og aktiviteten der
ei oversikt over funn/avvik med bilete
forslag til tiltak
kva som må gjerast, kven som bør gjere det, og kor raskt det bør fiksast
Del 4: Oppsummering og deling
Legg fram rapporten for klassen.
Samanlikn funna og diskuter: Kva var dei vanlegaste manglane, og korleis kan skulen førebygge desse?