Mobilisering og flytting for pasientar med hjerneslag
Mobilisering frå seng til rullestol
Nokre pasientar kan trenge hjelp for å komme seg frå seng til stol etter eit hjerneslag. Vurder om det er behov for ein eller to pleiarar ut frå pasienten sine eigne ressursar, og hugs å la pasienten bruke sine eigne ressursar i flyttinga. Denne videoen (4:25) viser flytting frå seng til rullestol med to pleiarar.
Framgangsmåte
Utfør handhygiene.
Stå på kvar dykkar side av senga.
Heis senga til hoftehøgde.
Ta bort dyne. Viss pasienten har puter under bein og armar, tek de bort desse.
For å snu pasienten på sida tek ein av dykk den eine handa bak skuldra til pasienten og den andre handa under armen for støtte.
Pass på å ikkje dra i den sjuke armen, men å berre støtte denne.
Ta så tak under den sjuke foten, mens de ber pasienten om å bruke den friske foten ved snuing.
Drei pasienten ut av senga på den sjuke sida.
Pleiar 2 støttar ryggen til pasienten ved snuing.
Trygg pasienten som no sit på sengekanten.
Senk senga til føtene til pasienten står godt i golvet.
Set rullestolen inntil senga på sjuk side.
Hjelp pasienten på med passande skotøy.
Pleiar 1 støttar ryggen til pasienten.
Pleiar 2 flyttar seg til den andre sida.
Støtt opp under armane.
Set føtene framfor føtene til pasienten.
Be pasienten bruke frisk fot når hen skal reise seg.
Be pasienten strekke ryggen sin.
Hald i bukselinningen til pasienten.
Be pasienten snu seg mot rullestol, mens de støttar overkroppen.
Støtt under armane mens pasienten set seg.
Hjelp pasienten med føtene i fotstøttene.
Flytting frå rullestol til seng
Nokre pasientar kan trenge hjelp for å komme seg frå stol til seng etter eit hjerneslag. Vurder om det er behov for ein eller to pleiarar ut frå pasienten sine eigne ressursar. Denne videoen (3:08) viser flytting frå rullestol til seng med to pleiarar.
Framgangsmåte
Utfør handhygiene.
Set rullestolen inntil senga.
Ta føtene ut av fotstøttene.
Set føtene framfor føtene til pasienten.
Støtt under armane til pasienten. Pass på å ikkje dra i sjuk arm.
Be pasienten bruke eigne ressursar opp i ståande stilling.
Støtt pasienten ved snuing.
Hald i bukselinningen og støtt under armane når pasienten set seg.
Fjern eventuelle hjelpemiddel.
Pleiar 2 støttar ryggen.
Pleiar 1 tek av skotøyet.
Hev senga til hoftehøgde.
Pleiar 1 tek tak under beinet og skuldra til pasienten.
Drei pasienten over i senga.
Hjelp pasienten i ei god liggestilling.
Legg pute under sjuk arm og fot.
Legg på dyne viss pasienten ønsker det.
Senk senga.
Mobilisering med preikestol
Nokre pasientar kan trenge hjelp for å komme seg ut av senga etter eit hjerneslag. Vurder om det er behov for ein eller to pleiarar ut frå pasienten sine eigne ressursar. Denne videoen (4:22) viser flytting med preikestol frå seng til stol med to pleiarar.
Framgangsmåte
Utfør handhygiene.
Heis senga til hoftehøgde.
Hev hjartebrettet på senga.
Ta av dyne og eventuelle puter.
Støtt pasienten i ryggen.
Hald i den sjuke foten mens pasienten dreier seg ut på sengekanten.
Den andre pleiaren støttar pasienten i ryggen.
Trygg pasienten som no sit på sengekanten.
Senk senga til føtene til pasienten er godt i golvet.
Pleiaren som støttar ryggen, flytter seg til den andre sida av senga.
Hjelp pasienten på med passande skotøy.
Set preikestolen framfor pasienten.
Set føtene framfor føtene til pasienten.
Begge pleiarane støttar pasienten under armane.
Hev senga samtidig som pasienten legg vekt på den friske foten.
Hjelp pasienten med å få eit godt tak i preikestolen.
Følg pasienten ved sida av eller bak preikestolen i flyttinga for å førebygge skadar eller fall.
Dersom pasienten skal setje seg i ein stol, hjelper de pasienten med å snu seg og gå bakover til stolen treffer baksida av beina.
Støtt pasienten under armane mens hen set seg ned i stolen.
Fjern preikestolen.
Flytting frå stol til seng med preikestol
Nokre pasientar kan trenge hjelp for å flytte seg mellom seng og stol etter eit hjerneslag. Vurder om det er behov for ein eller to pleiarar ut frå pasienten sine eigne ressursar. Denne videoen (3:35) viser flytting med preikestol frå stol til seng med to pleiarar.
Framgangsmåte
Utfør handhygiene.
Set klar preikestolen.
Set føtene framfor føtene til pasienten.
Støtt pasienten under armane.
Motiver pasienten til å bruke eigne ressursar og den friske foten opp i ståande stilling.
Hjelp pasienten med å få eit godt tak i preikestolen.
Følg pasienten ved sida av eller bak preikestolen i flyttinga til senga for å unngå skadar eller fall.
La pasienten snu seg slik at ryggen er mot senga.
Heis senga til passande sitjehøgde for pasienten.
Ta bort preikestolen.
Støtt pasienten under armane mens hen set seg på sengekanten.
Hjelp pasienten av med skotøyet.
Stå ein pleiar på kvar side av senga.
Hev senga til ergonomisk arbeidshøgde / hoftehøgde.
Pleiar som står på sjuk side, tek tak under beinet og skuldra til pasienten.
Pleiar på frisk side støttar ryggen til pasienten.
Drei pasienten over i senga.
Hjelp pasienten i ei god liggestilling.
Legg pute under sjuk arm og fot.
Legg på dyne viss pasienten ønsker det.
Senk senga.
Utfordringar til deg
Forklar ein medelev kva vi meiner med "det naturlege rørslemønsteret til kroppen".
Kvifor er det viktig å ta omsyn til pasienten sine eigne ressursar i flytting?
Korleis kan mobilisering og flytting bli brukt som treningssituasjonar?