Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Naturtypar

Visste du at det du dyrkar, jaktar på eller let dyra beite på, blir påverka av kva naturtype du er i? Å kjenne til naturtypane er viktig for berekraftig bruk av naturressursar og for å ta gode val i naturbruksyrke. I denne artikkelen ser vi nærmare på ulike naturtypar.

Naturtypar er avgrensa delar av økosystem

I økologien lærer vi om korleis ulike organismar er tilpassa visse leveområde og korleis miljøfaktorar som vêr og klima speler ei viktig rolle for trivselen til artane.

Ein naturtype er ein avgrensa del av eit økosystem med bestemde artar og livsmiljø som trivst under gitte miljøfaktorar. Døme på slike faktorar er fukt, vasstilgang, jordtype, lysforhold, temperatur, næringsinnhald og surleiksgrad i jorda.

Viktige omgrep

naturtype
ein einsarta type naturområde med bestemde artar og miljøforhold
undertype
ein meir spesifikk variant innanfor ein overordna naturtype
økosystem
eit samfunn av levande organismar i samspel med ikkje-levande faktorar i eit avgrensa område
miljøfaktor
ein faktor som påverkar livet i naturtypen

Overordna naturtypar

I Noreg bruker vi ofte fem hovudkategoriar for å beskrive naturtypar. Desse gir eit godt utgangspunkt for å forstå variasjonen i landskapet vårt.

  • skog

  • fjell

  • våtmark

  • hav

  • ferskvatn (elv/innsjø)

Alle desse har sine eigne variantar (undertypar). Dei er viktige leveområde for ulike artar og viktige arbeidsområde i mange naturbruksyrke.

Undertypar av natur

Dei overordna naturtypane er igjen delte inn i undertypar. Til dømes kan vi sjå på den overordna naturtypen skog. Han kan delast inn i fleire undertypar. Ein av desse er blåbærskog.

Blåbærskog er ein del av økosystemet skog og består av blåbær, andre lyngartar, mose og nokre urter. Vanlegvis er gran det dominerande treslaget, men nokre stader kan det vere furu eller lauvtre som dominerer. Artane som lever i botnsjiktet, er avhengige av miljøfaktorar som skugge, fukt og podsoljord med råhumus for å trivast.

Naturtypar blir påverka av menneske

Nokre naturtypar kan også vere påverka av menneske, som beite- og slåttelandskap. Andre naturtypar er sjeldne eller trua, som slåttemark, kystlynghei og hole eiker. Desse naturtypane er spesielt verdifulle fordi dei ofte har eit stort biologisk mangfald og kan huse sjeldne artar.

Kvifor bruker vi naturtypar?

Å dele inn naturen i ulike naturtypar gjer det lettare å forstå kor ulike artar høyrer heime, og kva miljøforhold dei er avhengige av. Det gir også oversikt over korleis vi kan bruke og forvalte naturen på ein berekraftig måte.

Men når vi skal kartlegge naturen, blir denne inndelinga for upresis. Då treng vi eit system som er meir detaljert og tek omsyn til variasjon i faktorar som fukt, næring og artar som lever i området. Til det bruker vi kartleggingsverktøyet Natur i Norge.

Kjelde

Halleraker, J. H. (2026, 3. juni). Naturtyper. I Store norske leksikon.
https://snl.no/naturtyper

Skrive av Vigdis Jonsen.
Sist oppdatert 25.06.2026