Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Natur i Norge – kartlegging av natur

For å kunne forvalte natur og naturressursar best mogleg må vi kartlegge den naturen vi har. Vi må ha oversikt over kva slags natur vi har, kvar han er, og kor mykje vi har av han. Dei som kartlegg dette, bruker verktøyet Natur i Norge, NiN.

Kva er Natur i Norge?

For å kunne beskrive og kartlegge naturen i Noreg på ein systematisk måte har vi eit nasjonalt system som blir kalla Natur i Norge (NiN). Dette er eit verktøy utvikla av Artsdatabanken for å beskrive all natur i Noreg – frå fjøra på Lindesnes til tundraen på Svalbard. NiN gjer det mogleg å dele naturen systematisk inn i typar og undergrupper, basert på økologiske forhold og artsmangfald.

Sjå filmen under for ei rask innføring i Natur i Noreg.

Film Natur i Norge: Kort forklart (1:54)

Video: Artsdatabanken / Avgrensa gjenbruk

Typesystem

NiN bygger på fleire såkalla typesystem. Her skal vi berre konsentrere oss om det som blir kalla natursystemet – eit system for å beskrive eit økosystem i eit avgrensa område. Eit natursystem kan innehalde fleire naturtypar og bygger på korleis samansetjinga av artar blir påverka av miljøforhold som

  • fukt

  • temperatur

  • surleik i jorda (pH)

  • tilgang på lys og næring

Natursystemet

Natursystemet i NiN er delt inn i tre nivå:

1. Hovudtypegrupper

Dette er dei overordna kategoriane vi kan sjå og oppleve som ulike typar natur.

  • hav, til dømes marine botnsystem, vassmassane

  • land, til dømes fastmark, våtmark, snø- og issystem

  • ferskvatn, til dømes innsjøar og elvar (botn og vassmasse)

2. Hovudtypar

Innanfor kvar hovudtypegruppe finn vi meir spesifikke typar natur, som

  • naturleg beiteavhengig eng

  • kystlynghei

  • åker

3. Grunntypar

Dette er den mest detaljerte inndelinga. Her ser vi på miljøvariablar som fukt, kalkinnhald eller jordsmonn.

Døme:

  • blåbærskog: trivst med fuktig, sur og næringsfattig jord

  • lågskog: tørrare forhold, med artar som krekling, tyttebær og røsslyng

Sjå filmen om natursystemet, så blir det kanskje lettare å skjønne korleis dette heng saman.

Film om natursystem (3:31)

Video: Artsdatabanken / Avgrensa gjenbruk

Kvifor er NiN viktig?

NiN er viktig i naturbruk fordi det gjer det lettare å forstå kva artar som finst i eit område, og kva miljøforhold desse artane er avhengige av. Systemet gir oss eit verktøy for å bruke og forvalte naturen på ein berekraftig måte, slik at vi kan ta omsyn til både naturverdiar og næringsinteresser. Det blir brukt i planlegging, kartlegging, arealbruk og vern, og det sørger for at avgjerder blir tekne på eit kunnskapsbasert grunnlag. I tillegg gir NiN eit felles språk som gjer det enklare for naturbrukarar som bønder, skogeigarar, forskarar og forvaltarar å samarbeide og kommunisere effektivt.

Viktige omgrep

Natursystem
er eit verktøy/system for å beskrive eit økosystem i eit avgrensa område, og det kan innehalde fleire naturtypar.
Naturtype
er ein einsarta type naturområde eller habitat som omfattar alle levande organismar som lever der, omgitt av bestemde miljøfaktorar, spesielle naturførekomstar eller geologiske forhold. Ein naturtype er å betrakte som ein bestemd variant av eit natursystem.
Økosystem
er eit samfunn av levande organismar i samspel med ikkje-levande faktorar i eit avgrensa område.
Hovudtypegrupper
representerer større generelle naturtypar som skog, fjell, våtmark, hav og ferskvatn.
Hovudtypar
beskriv meir detaljerte økosystem basert på karakteristiske trekk som vegetasjon, klima og geologi.
Grunntypar
beskriv variasjonar innanfor kvar hovudtype med spesifikke miljøfaktorar og artssamansetjingar.
Variabelsystem
beskriv bestemde natureigenskapar for eit område.
Livsmedium
er levestaden til ein art.

Oppgåver

Vel rett alternativ

Undersøk

Vel eit naturområde du kjenner. Bruk Natur i Noreg og forsøk å finne ut kva hovudtypegruppe, hovudtype og grunntype området høyrer til. Beskriv miljøforholda og kva artar du finn der.

Kjelde

Artsdatabanken. (u.å.). Natursystem. Henta 3. juni 2025 frå https://www.artsdatabanken.no/Pages/137739/Natursystem

Relatert innhald

Skrive av Vigdis Jonsen og Thomas Bedin.
Sist oppdatert 03.06.2025