Enkeltpersonføretak
Kva er eit enkeltpersonføretak?
Eit enkeltpersonføretak er det same som ei bedrift som blir leidd av éin person, og er ei vanleg organisasjonsform om du er sjølvstendig næringsdrivande. At du er sjølvstendig næringsdrivande, betyr at du ikkje er tilsett hos nokon andre, men har di eiga bedrift. Det vil seie at det berre er du som har ansvar for økonomien i føretaket, og det er ingen andre enn du sjølv som bestemmer kva du skal bruke eit eventuelt overskot til.
Kven passar det for?
Du må drive næringsverksemd for å kunne opprette eit enkeltpersonføretak. I tillegg må du må drive for eiga rekning og risiko, og verksemda må vere eigna til å gi overskot.

Krav og kjenneteikn
Her er nokre krav og kjenneteikn ved enkeltpersonføretak:
Ein fysisk person må stå som eigar.
Du har personleg uavgrensa økonomisk ansvar, den private økonomien din er den same som føretaksøkonomien.
Du kan ikkje vere tilsett i ditt eige føretak, men du kan ha tilsette.
Sosiale rettar er meir avgrensa som eigar enn som tilsett. Som sjølvstendig næringsdrivande har du krav på sjukepengar først frå den 17. dagen du er sjuk, og då berre med 80 % dekning.
Økonomi
Lønna di avheng av overskotet i føretaket, og du må alltid hugse å setje av nok pengar til skatt og avgifter før du tek ut til privat forbruk. Om du tilset nokon i føretaket, må du òg betale lønn og arbeidsgivaravgift.
Skatt
Skatteetaten bereknar kor mykje skatt du må betale etter kor stort overskotet i føretaket er. Eit enkeltpersonføretak skal betale forskotsskatt fire gonger kvart år. Du må òg føre rekneskap og ta vare på all dokumentasjon av inntekter og kostnader i føretaket.
Oppgåve
Kor vanleg er det å drive enkeltpersonføretak i jordbruket? Finn ut kor mange gardsbruk som er registrerte med personleg brukar i regionen din ved å bruke tabellane frå Statistisk sentralbyrå: Jordbruksbedrifter, etter region, år og statistikkvariabel.
Kva fordelar og ulemper ser du med å drive ein gard som enkeltpersonføretak?
Relatert innhald
Nettside hos ssb.no
Når du skal starte ei bedrift, er val av selskapsform eit av dei viktigaste spørsmåla. Her får du ei oversikt over ulike selskapsformer.