Vurder nettsida til skulen - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vurder nettsida til skulen

Etter kvart har mykje av omgivnadene våre vorte universelt utforma, men framleis er det utfordringar å finne.

Gjer ei vurdering av nettsida til skulen:

  1. Prøv å navigere på nettsida utan mus – altså ved hjelp av tabulatortasten. Korleis fungerer det?
  2. Kva skjer når du forstørrar nettsida? Fører det til skrolling, blir teksten kornete?
  3. Slå på skjermopplesing og høyr om det gir meining. Innebygde skjermlesarar for Apple-produkt heiter Voiceover, i Windows heiter skjermlesaren Narrator.
  4. Mål kontrasten på teksten – bruk til dømes verktøyet CCA.
Skrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2022