Reiselivsstrategi i praksis: døme frå Trondheim - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Reiselivsstrategi i praksis: døme frå Trondheim

Noreg fekk ny nasjonal reiselivsstrategi i 2021. Skal vi nå måla i strategien, må måla også inn i lokale planar og strategiar. Trondheim er ein av mange destinasjonar som jobbar for å kvalifisere seg til Merket for berekraftig reisemål. Her kan du lese om arbeidet deira.

Reiselivet si betydning i Trøndelag

Reiselivet handlar ikkje lenger berre om marknadsføring av flott natur. Reiselivet er Noregs femte største eksportnæring. Berre i Trøndelag representerer reiselivet ei verdiskaping på sju og ein halv milliard kroner per år. Reiselivet bidreg til sysselsetjing, regional utvikling, attraktive lokalsamfunn, pulserande byar, bulyst og verdiskaping. Reiselivet er også ein betydeleg arena for integreringsarbeid.

I Trøndelag har reiselivet opplevd ein kontinuerleg vekst dei siste tiåra. Reiselivet kan framleis skape meir næringsaktivitet, men for at veksten skal vere berekraftig, må han styrast. Det må bli betre forståing og samspel mellom det offentlege og det private. Reiselivet er også avhengig av gode rammevilkår.

Kva betyr strategien for Trøndelag?

Retninga som er vald for opplevingsnæringa i Trøndelag, heng godt saman med måla i den nasjonale strategien. Det er ein styrke når nasjonale, regionale og lokale strategiar peiker i same retning. Det gir Trøndelag eit godt fundament for å utvikle eit berekraftig reiseliv. Så kva handlar den nye nasjonale strategien om?

Berekraftige opplevingar

Reiselivet skal bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn. Overnattings- og serveringsnæringa er i ferd med å bli ein nullutsleppsbransje, mens transportleddet framleis er ei klimautfordring.

Ulike typar gjestar etterlèt ulike klimafotavtrykk. Trøndelag arbeider medvite med dei gruppene av gjester som har minst klimafotavtrykk. Dei tilbyr også bransjen verktøy, kursing og workshopar, slik at Trøndelag kan bli endå betre på opplevingsutvikling.

Søkjelys på opplevingar i staden for geografi

Trøndelag Reiseliv har no retta forretningsstrategien sin meir mot opplevingsutvikling. Opplevingar blir stadig viktigare for turistar. Det er derfor utvikla mange nye opplevingar i Trøndelag dei siste åra. Gjester som kjem til Trøndelag, har blitt meir opptekne av det lokale og særeigne. Det må Trøndelag bli endå dyktigare til å marknadsføre. Det som er typisk trøndersk, kan vere eksotisk for andre.

Kvalitet heller enn kvantitet

Noreg er ei sterk merkevare som naturbasert reisedestinasjon. Trøndelag vil bli eit reisemål også for kunst, kultur og kulturarv. I tillegg vil dei tilby eit godt lokalt kjøkken, byliv og lokale opplevingar der gjestene får valuta for pengane.

I Trøndelag ønskjer dei å satse som reisemål, og fylkestinget har vedteke politisk at Trøndelag skal bli leiande innan menneskeskapte og historiske hendingar. Trøndelag Reiseliv vil følgje opp som verktøykassa i fylket for reiselivet, i samarbeid med destinasjonsselskapa og bedriftsnettverka.

Grønt skifte, teknologi og digitalisering

Trøndelag sit tett på teknologimiljøet, og dei har allereie utvikla grøn transport. Sommaren 2021 blei AtB Sommerpass lansert som eit samarbeid mellom kollektivselskapet AtB, Trøndelag Reiseliv og togselskapet SJ. Folk som reiser, er meir opptekne av berekraft enn før. Derfor ønskjer dei i Trøndelag å utvikle fleire grøne reiser, heie på berekraftsprosjekt som Bygda 2.0, arbeide for fleire miljøsertifiserte bedrifter og sørgje for at berekraft er nerven i alt som blir gjort i trøndersk reiseliv.

Samarbeid

Samhandlinga mellom private aktørar og det offentlege verkemiddelapparatet må styrkjast. Ein må skape felles forståing for behov og konsekvensar. I Trøndelag er arbeidet påbegynt, mellom anna gjennom prosjektet «ansvarleg turisme». Lokalsamfunnet må forstå kvifor dei skal satse på reiseliv, og samtidig må behovet til dei ulike næringane liggje til grunn for arbeidet.

Reiselivet må få ein naturleg plass i planlegging og forvaltning av naturressursar og arealbruk – både for å utnytte potensialet og for å verne ressursane. Besøksstrategi for nasjonalparkar er eit døme på korleis Noreg jobbar med styrt besøk i naturområda.

Trøndelag Reiseliv samarbeider med både med eigen fylkeskommune og departementa. Det er viktig med tett samarbeid for at strategiane til Trøndelag fylke skal harmonere med den nasjonale reiselivsstrategien.

Kva skal til for at Trøndelag skal lykkast med reiselivsstrategien sin?

  • Betre samhandling: I reiselivet er svært mange aktørar avhengige av kvarandre. Det krev god samhandling på fleire nivå og godt arbeid på tvers av næringane. Trøndersk reiseliv har samarbeidd godt under pandemien, og har store prosjekt framfor seg der dei kan utvikle samarbeidet vidare. European Region of Gastronomy i 2022 og Nasjonaljubileet 2030 har høvesvis Trondheim og Stiklestad som arrangør. Skal dei lykkast, må heile breidda av reiselivet bidra med alt frå godt vertskap til grøne transportløysingar.

  • Betre rammevilkår: Skal reiselivsnæringa bidra til nasjonale berekraftsmål, må dei ikkje berre jobbe meir saman – dei må også få moglegheit til nødvendig omstilling gjennom tilpassa verkemiddel. Reiselivet er ikkje bransjen med dei største lønsemdsmarginane, så her trengst det gode rammevilkår.

  • Nasjonal utvikling av eit analyseverktøy for betre innsiktsarbeid: Innsikta er nødvendig for at Trøndelag skal nå berekraftsmåla. Reiselivsnæringa har lenge etterspurt analyseverktøy, som vil ha stor verdi for det vidare arbeidet til reiselivsnæringa.

  • Auka kompetanse: Reiselivet treng omstillingsevne. Robotisering og digitalisering er utviklingstrekk som også rammar denne bransjen. I tillegg ser vi at gjester no har heilt andre krav og forventningar når dei vel reiser og opplevingar. Reiselivet treng sterke bedrifter som er attraktive arbeidsgivarar, og ein bransje med god kompetanse.

  • Restart reiseliv: Eit program for gjenoppbygging av næringa etter pandemien kan bli viktig for å få med flest mogleg og sikre konkurransekrafta framover. Skal vi oppnå reiselivsmåla, må det også jobbast på nye måtar.

Kjelde

Sestak, P. (2021, 15. mai). Hva betyr den nasjonale reiselivsstrategien for Trøndelag? Adresseavisen, Midtnorsk debatt. https://www.midtnorskdebatt.no/meninger/ordetfritt/2021/05/14/hva-betyr-den-nasjonale-reiselivsstrategien-for-tr%C3%B8ndelag-23962049.ece

Skrive av Petra Sestak. Rettshavar: adresseavisen.no
Sist fagleg oppdatert 24.09.2021