Forbrukarar blir stadig meir medvitne om å handle etisk og på den måten bidra til berekraftig utvikling. Men korleis kan vi vite at produkta vi handlar, verkeleg er etiske?
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
På sida etiskhandel.no står det at formålet til Etisk handel Norge er "å fremje ansvarleg forretningspraksis i leverandørkjeder slik at handel bidreg til å ta vare på menneske- og arbeidstakarrettar, samfunn og miljø".
Les informasjonen på sida deira, og drøft korleis dette blir gjort i praksis.