Forretningsmodellar i reiselivsnæringa - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Forretningsmodellar i reiselivsnæringa

Kva er ein forretningsmodell? Business Model Canvas er ein type forretningsmodell som er mykje brukt, og som gir god oversikt over korleis ei bedrift skal tene pengar og skape verdiar. Denne modellen blir også brukt i reiselivsnæringa.
I denne førelesninga fortel Morten Nyhagen om korleis bedrifter kan utvikle forretningsmodellen sin. Video: Morten Nyhagen / CC BY-SA 4.0

Business Model Canvas består av ulike element som beskriv korleis bedrifta bør vere organisert for å kunne produsere og levere eit produkt til eit bestemt kundesegment. Elementa beskriv også korleis bedrifta skal få inntekter.

Modellen hjelper deg å kartleggje til bedrifta di, ulike kundesegment, kanalar og kunderelasjonar, viktige samarbeidspartnarar, nøkkelaktivitetar og -ressursar, inntektsstraum og kostnadsstruktur.

Nedanfor ser du eit praktisk døme, med caset "Cabinbnb", som viser korleis Business Model Canvas kan brukast.

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022