Vippa og relasjonsleiing - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Vippa og relasjonsleiing

Som dagleg leiar for mathallen Vippa i Oslo er Kaja Skovborg-Hansen oppteken av inkludering og korleis ein skaper meiningsfulle liv.

På Vippa mathall i Oslo har fleire flyktningar starta matbod med mat frå heimlandet. Dagleg leiar Kaja Skovborg-Hansen synest det er viktig at folk får jobbe med ting dei liker og som gjer dei glade, i tråd med god relasjonsleiing. I videoen under forklarer ho korleis mathallen Vippa er med på å skape meiningsfulle liv.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Tenk over

Kaja seier at fleire verksemder bør leggje til rette for at folk skal få lov til å halde på med noko dei liker og skape seg meiningsfulle liv. Kva meiner ho med det?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2021