Oppgåve
Segmentering og målgruppeval for fotograferingstenester
I denne oppgåva skal de jobbe med segmentering og målgruppeval for ei tenkt ungdomsbedrift som tilbyr fotografering.

Bilete: Shutterstock / Avgrensa gjenbruk
Tenk dykk at de har ei ungdomsbedrift som tilbyr fotografering. Først tenkjer de at de vil nå ut til alle i byen. Men etter kvart finn de ut at det kan vere vanskeleg å nå fram med ein tydeleg bodskap til alle i byen samtidig.
De finn ut at de kan prøve å avgrense i målgrupper. Dette kan gjere det enklare for dykk å målrette fotograferingstilbodet og nå fram med marknadsføringa.
Oppgåver
- Gjer greie for kva segmenteringskriterium og kva slags segmenteringsstrategi det kan vere aktuelt å nytte for målgruppeval. Bruk relevante fagomgrep.
- Skriv ei skildring av ein eller fleire målgrupper de vil nå ut til med fotograferingstilbodet dykkar.
- Gjer greie for kvar og korleis de vil kommunisere for å nå ut til den målgruppa eller dei målgruppene de har valt. Grunngi svaret dykkar.