Oppgave
Resultatbudsjett for Annelises butikk
Annelise Anwar har etablert ein gåve- og interiørbutikk med produkt frå Sør-Europa.Ho skal utarbeide eit resultatbudsjett for 1. kvartal.
Annelise tek utgangspunkt i rekneskapstala frå 1. kvartal i fjor. Alle tal er eksklusiv mva.
Måned | Januar | Februar | Mars |
---|---|---|---|
Salsinntekter | kr 600 000 | kr 500 000 | kr 700 000 |
Ho reknar med 5 % auke i salsinntekter i forhold til tala for fjoråret.
Ho kalkulerer med ei bruttoforteneste på 80 %.
Annelise reknar med følgande indirekte kostnader:
- Avskrivingar: 3 000 kroner per måned
- Lønn: 140 000 kroner per måned
- Marknadsføringskostnader: 10 % av salsinntektene per måned
- Andre driftskostnader: 18 000 kroner per måned
- Husleige: 26 000 kroner per måned
- Set opp eit resultatbudsjett for januar, februar og mars, og samla for 1. kvartal.
- Vurder forventa resultat for 1. kvartal.