Rabattar og bonusordningar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Rabattar og bonusordningar

Du har sikkert kjøpt klede på sal? På forbrukarmarknaden kan det vere gunstig å setje ned prisane på slutten av sesongen, for å få plass til nye varer. På bedriftsmarknaden og institusjonsmarknaden kan det vere aktuelt å gi kvantumsrabattar.

Bedrifta har kalkulert ein basispris ved å bruke ein prissetjingsmetode. Bedrifta kan vidare velje å justere prisen til ein psykologisk riktig pris, å bruke prisdifferensiering eller å bruke rabattar og bonusordningar. Modellen nedanfor viser oss samanhengen mellom prisstrategiar, prissetjingsmetodar og justering av basispris.

Rabattar på forbrukarmarknaden

Prisavslag blir brukt som verkemiddel på fleire måtar. Det kan vere sesongavslutning, der butikken har sal på heile eller delar av sortimentet. Det kan òg vere tilbod på enkeltvarer, som kan kallast "lokkevarer", det vil seie tilbodsvarer for å auke salet på andre varer.

Ei anna moglegheit er å gi kvantumsrabatt, til dømes "Kjøp tre – betal for to". Med denne rabatten får kunden 33,33 prosent rabatt på alle tre produkta. Denne rabattordninga har fått kritikk den seinare tida, fordi forbrukarar kjøper meir enn dei treng, spesielt i daglegvarebutikkar.

Viss vi vel å setje ned prisen, må vi rekne ut kva som er den lågaste prisen vi kan ta. Det er viktig å hugse at vi må få dekt alle kostnader knytte til drifta.

Bidragskalkylen

Du kan finne ut om du tener pengar på rabatterte varer ved å bruke bidragskalkylen. Viss du til dømes skal ha sesongsal i sportsbutikken din, og du har tenkt til å slå av 20 prosent på alle varer, kan du rekne ut dekningsbidraget på fullprisen til produktet og samanlikne det med dekningsbidraget på salsprisen.

I slike utrekningar må du alltid vere nøye med å rekne prisane utan meirverdiavgift.

I dømet under samanliknar vi dekningsbidraget på ei lue som kostar 100 kroner før og 80 kroner etter rabatt. Som du ser, blir dekningsbidraget nesten halvert i kroner, og i prosent går dekningsgrada frå 41 prosent til 27 prosent.

Før rabatt

Etter rabatt

Pris inkl. mva.

100 kr

80 kr

Pris ekskl. mva.

80 kr

64 kr

Dekningsgrad

41 %

27 %

Inntakskost

47 kr

47 kr

Dekningsbidrag

33 kr

17 kr

Prisrabatt

20 kr

Bruk tabellen lenger ned i artikkelen til å finne kor mange fleire luer du må selje for å "tene inn" rabatten. Du må finne 20 prosent rabatt i kolonnen til venstre og 40 prosent dekningsgrad på rada øvst i tabellen. Talet du finn i matrisa, seier deg kor mange luer du må selje i prosent av opphavleg mengd ved opphavleg pris.

Utrekning – lue, døme

Bonus

Bonusordningar er eit anna marknadsføringstiltak som går ut over dekningsbidraget per produkt. Daglegvarebutikkane er nokre av dei som har dei mest kjende bonusordningane. NorgesGruppen, med butikkane Meny, Kiwi, Spar og Joker, har Trumf-systemet sitt, og Coop-butikkane har medlemsfordelar. Som medlem i Trumf og Coop får du 1 prosent bonus på alle daglegvarer, i tillegg til andre fordelar.

Kjøpsbonusen blir sett inn på kontoen til kunden, som kunden kan velje å ta ut i pengar, rabattar eller varer. Bonusprogram blir brukte som lojalitetsfremjande tiltak også i andre bransjar, som til dømes i flybransjen.

Bedriftsmarknaden

Ved større innkjøp, i form av stort kvantum, er det vanleg å tilby kvantumsrabattar. Det er likevel viktig at rabatten ikkje et opp heile dekningsbidraget.

Mange kan bli overraska over kor store økonomiske konsekvensar rabattar kan gi. For at det skal løne seg å gi rabattar, må dei føre til ei auka omsetning, som igjen forbetrar resultatet.

Tabellen nedanfor viser samanhengen mellom gitt rabatt og dekningsgrada av produktet. Gir vi til dømes 10 prosent rabatt på eit produkt med ei kalkulert dekningsgrad på 30 prosent, fører det til at vi må selje 50 prosent fleire einingar (det vil seie 150 prosent i forhold til utgangspunktet) for å behalde same dekningsbidrag.

Rabatt

Dekningsgrad

10 %

20 %

30 %

40 %

50 %

60 %

70 %

80 %

– 2 %

125

111

107

105

105

103

103

103

– 4 %

167

125

115

111

109

107

106

105

– 6 %

250

143

120

118

114

111

109

108

– 8 %

500

167

136

125

119

115

113

111

– 10 %

200

150

133

125

120

117

114

– 15 %

400

200

160

143

133

127

123

– 20 %

300

200

167

150

140

133

Det kan altså få store konsekvensar dersom vi gir for mykje rabatt.

Prøv sjølv

Viss rabatten du gir, er 15 prosent, og viss dekningsgrada er 50 prosent, kor mykje meir må du selje?

Hugs at grunnen til at vi gir rabatt, er for å auke omsetninga og få eit betre resultat.

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021