Prisstrategi - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prisstrategi

I denne oppgåva skal de først, med utgangspunkt i to bilprodusentar, vurdere val av prisstrategi og bruk av pris som eit konkurransemiddel. Etterpå skal de velje ut nokre nye produkt og vurdere val av prisstrategi for desse. Jobb gjerne i par.

Oppgåve

  1. Ta utgangspunkt i to bilprodusentar som de ser på som nokså ulike. Forklar valet av prisstrategi og bruken av pris som eit konkurransemiddel hos produsentane, og forklar korleis prisen er med på å byggje opp under eit image.

  2. Vel ut tre til fem nye produkt. Finn informasjon på nett eller i butikk, og vurder kva prisstrategi som er nytta. Kva kjenneteiknar ein vellykka prisstrategi, og synest de at valet av prisstrategi er vellykka for dei nye produkta? Kvifor eller kvifor ikkje?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng, Mette Holan og Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021