Prissetjing av frosne burgarmenyar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prissetjing av frosne burgarmenyar

I denne oppgåva skal du jobbe med ein fiktiv case om McDonald's. Utgangspunktet er ein idé om frosne burgarmenyar som kan varmast opp heime. Du skal vurdere idéen, drøfte ulike faktorar som påverkar prissetjing og utvikle prisstrategi.

Situasjonsbeskriving

Sjå føre deg at du jobbar i marknadsavdelinga for McDonald's Noreg saman med mellom anna Tina. Det siste året har de jobba målretta med marknadsstrategien.

Den nyaste idéen til Tina er frosne burgarmenyar som kan varmast opp i mikrobølge- eller steikeovn. Ho ønsker at målgruppa skal få eit tettare forhold til McDonald's ved at dei òg kan kjøpe produktet i vanlege matbutikkar, for så å varme det opp og ete det heime. Med andre ord – enkle middagar for éin eller fleire personar.

Det er dei klassiske menyane "Big Mac", "Quartar Pounder" og "Happy Meal" (altså burgar, pommes frites og eventuelt ei lita leike) som Tina meiner bør prøvelanserast.

Oppgåve 1

Drøft og grunngi om du ville ha vore positiv til Tinas idé og råda McDonald's til å satse på frosne burgarmenyar eller ikkje.

Oppgåve 2

Sjå for deg at McDonald's vel å planlegge ei prøvelansering. Drøft ulike faktorar som vil påverke prissetjing av dei frosne burgarmenyane.

Aktuelle kartleggingsspørsmål
  • Kva er prisane på dei klassiske menyane "Happy Meal", "Big Mac" og "Quartar Pounder" hos McDonald's?

  • Korleis bør prisnivået på dei frosne burgarmenyane vere i forhold til burgarmenyane på McDonald's? (Merk at det i frosne menyar ikkje inngår drikke.

  • Trur du det er ein reell fare for at matbutikkane kan starte priskrig på burgarmenyane? Vil det i så fall òg kunne ramme restaurantane? Grunngi.

  • Kva kjenneteiknar tilbodet og etterspørselen i marknaden for frosne burgarmenyar?

  • Kven er konkurrentane til dei nye frosne burgarmenyane til McDonald's?

  • Kva kjenneteiknar prissetjinga til konkurrentane?

  • Kven meiner du er aktuelle målgrupper til dei frosne burgarmenyane?

  • Kor mykje trur du målgruppene synest dei frosne burgarmenyane er verd?

  • Kva andre faktorar kan påverke prissetjinga av dei frosne burgarmenyane?

Oppgåve 3

No skal du utvikle ein prisstrategi for dei frosne burgarmenyane.

Relatert innhald

Fagstoff
Å utvikle prisstrategi

Korleis bør vi gå fram når vi skal utvikle ein prisstrategi for verksemda? Rett pris er avgjerande for lønnsemd og kan òg vere viktig for omdømmet.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2023