Nye handlevanar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Nye handlevanar

Skiljet mellom handel i fysiske butikkar og netthandel har blitt mindre tydeleg dei siste åra. Fleire aktørar som tidlegare berre har hatt fysiske butikkar, sel no varer og tenester på nett med stor suksess.

Handlevanar

Ifølgje Transportøkonomisk institutt (TØI, 2020) skjer i dag ti prosent av all varehandel på nettet, og TØI anslår at netthandelen vil tredoble seg det neste tiåret. Stadig fleire butikkar tilbyr netthandel, samtidig som nettbutikkar gjerne har ei fysisk forankring i form av eit utstillingslokale (showroom), eit distribusjonssenter eller eit mikrolager.

Den danske møbelforhandlaren Sofacompany er ein nettbutikk som gjer det slik. Dei har no etablert fire utstillingslokale i Noreg – i Oslo, Trondheim, Bergen og Stavanger. Til kundar som ikkje har høve til å besøkje eit utstillingslokale, tilbyr dei gratis tekstilprøver som kundane kan få sendt heim til seg.

Konseptet til Sofacompany

Konseptet til Sofacompany er å tilby danske designmøblar på nettet til ein gunstig pris, noko dei har hatt stor suksess med i Noreg. Grunnen til at møblane frå Sofacompany er billigare enn mange andre møblar av tilsvarande kvalitet, er at selskapet handterer alle ledd i verdikjeda sjølv – frå design via produksjon til sal. Dermed unngår dei kostbare mellomledd.

Sofacompany har sin eigen fabrikk i Vietnam. Det gjer at dei kan tillate seg å lage små kolleksjonar og tidleg teste ut korleis nye trendar slår an.

Sofacompany har eit stort sentrallager i Danmark som dekkjer marknaden i Noreg og sju andre land. Dermed kan dei ha mesteparten av varene på lager og levere dei direkte heim til kundar i Noreg rundt ti dagar etter bestilling. I tillegg gjer sentrallageret at dei sparer lagerkostnader i Noreg, slik at dei kan halde prisane nede.

Les meir om Sofacompany

Les meir om Sofacompany på dei norske nettsidene deira – no.sofacompany.com.

Endringar i varedistribusjonen

Etter som vi har fått fleire salskanalar, har måten varene blir distribuerte på, endra seg. Kundane har fått større valfridom og kan til dømes velje mellom å hente i butikk, hente på posten eller få varer levert heim. Dette har ført til

  • at store sentraliserte lager blir erstatta av eit nettverk av mikrolager
  • at mikrolager og butikkar blir stadig viktigare for utlevering av nettbestilte varer
  • at varene i større grad blir leverte direkte heim til kundane, noko som betyr hyppigare transportar med mindre volum enn ved større, standardiserte varestraumar
  • at trafikken aukar på grunn av dei mindre og meir individualiserte varestraumane

Når butikkar bruker fleire salskanalar, seier vi at dei har ein omnikanalstrategi. Omni betyr nettopp "fleire".

Nye handlevanar og berekraft

Tidlegare forsking har avdekt at netthandel reduserer persontransporten, men aukar varetransporten. Kritiske faktorar for utviklinga framover vil særleg vere leveringsmåtar, lokalisering og digital kompetanse.

Berekraftige løysingar

For å oppnå berekraftige løysingar for levering blir det avgjerande å nytte mest mogleg miljøvennlege køyretøy (elbilar, elsyklar), å samlaste varer og å velje effektive distribusjonsruter. I tillegg blir det viktig å leggje til rette for gode hentepunkt.

Retur av varer er ei betydeleg utfordring ved netthandel, og det er fleire måtar returtransporten kan handterast på. Mange tilbyr gratis levering til post eller annan speditør, eller til eigen butikk, og enkelte butikkar og kjøpesenter tilbyr òg eit hentepunkt med prøverom.

Kunnskap om handlevanar – ein føresetnad for gode løysingar

Kunnskap om nye handlevanar er avgjerande for at det skal vere mogleg å leggje til rette for transportløysingar som gir reduserte utslepp og nullvekst i bilbruken i byområda.

Skrive av Vibeke Nenseth, Bjørn Klimek og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: Transport Økonomisk Institutt
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021