Oppgave
Mikroplast frå klede?
Mange klede kan spreie miljøfarleg mikroplast i naturen. Dette skjer under produksjon, bruk, vask og etter at du har kvitta deg med dei. Undersøk problemet og prøv å finne løysingar.

60 prosent av alle kleda våre er laga av plastmateriale. Kleda våre mistar fiber, både når vi bruker dei, og når vi vaskar dei. Dette går via reinseanlegga og ut i havet.

Bitar av mikroplast i prøve frå sjøvatn sett i mikroskop.
- Syntetiske tekstilar er ei kjelde til mikroplast. Kva miljøproblem skaper mikroplast?
- Finn plagg/produkt som ofte er laga av plast.
- Kvifor blir plast brukt i desse produkta?
- Finst det andre materiale som erstattar plast?
- Vurder fordelar og ulemper ved dei ulike materiala.
- Somme klesprodusentar marknadsfører klede av resirkulert plast som miljøvennlege. Diskuter i kva grad det er riktig å bruke ei slik nemning.
- Diskuter kva de kan gjere for å redusere plastforureininga frå klede, og korleis de kan ta miljøvennlege materialval.
Kartlegg kva materiale dine eigne klede er laga av. Er du bevisst på materialbruk når du kjøper tekstilar?

Ta for de ein joggesko og finn ut kva materiale han er laga av. Foreslå kva materiale som kan erstatte plastmateriala som er brukte i joggeskoen. Diskuter kva konsekvensar desse utskiftingane får med tanke på pris, brukaroppleving og berekraft.
