Kjøp og sal på kreditt - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kjøp og sal på kreditt

Korleis fører vi kjøp og sal på kreditt i rekneskapen? Når ei bedrift kjøper og sel på kreditt, treng ho rekneskapskontoar for leverandørgjeld og kundefordringar. I tillegg nyttar mange bedrifter ein kassekredittkonto.

Bedrifter treng ein brukskonto i banken som dei kan betale rekningar frå og setje inn inntekter på. For bedrifter som har god likviditet, kan det vere ein vanleg innskotskonto.

Å ha god likviditet vil seie at ein alltid har pengar på konto til å betale rekningane sine til rett tid. For mange bedrifter kan det vere ei utfordring, sidan utgiftene ofte kjem før inntektene.

Kassekreditt

Mange bedrifter nyttar kassekreditt, som er eit kortsiktig rammelån hos banken. Bedrifta inngår ein årsavtale med banken om ei kredittramme som kan disponerast. Bedrifta må betale eit gebyr i form av ein låg prosentdel av den innvilga kredittramma. I tillegg må dei betale renter på det beløpet frå kredittramma som dei faktisk bruker.

I rekneskapen er det ein eigen konto for kassekreditt, 2380 – Kassekreditt. I tillegg medfører bruk av kassekreditt gebyr og renter som skal førast på 7770 – Bank- og kortgebyr og 8151 – Rentekostnad banklån.

Kundar og kundefordringar

Når bedrifter sel eit produkt på kreditt, får kundane deira ein faktura med ein betalingsfrist på til dømes 14 dagar. Ein faktura er ei rekning med informasjon om pris og betalingsfrist og dessutan kva som er selt, kven det er selt til, og kor mange stykk som er selde. For produkt som blir selde med meirverdiavgift, må også denne vere spesifisert. Fakturaen skal alltid leggjast ved rekneskapen.

Når vi sel noko på kreditt, blir salet postert i rekneskapen med kredit salsinntekt og debet kundefordring. Ei kundefordring er altså eit kortsiktig lån vi yter til kundane våre.

Når kunden betaler fakturaen, blir innbetalinga ført i rekneskapen som kredit kundefordring og debet bank (til dømes kassekredittkonto).

Kundane blir registrerte i ei kundeliste, der kvar kunde får eit eige nummer. I kontoplanen startar kontonummera for kundefordringane med 15 (kontogruppe 15). Det gir oss god oversikt når alle kundane har sitt eige kundenummer i rekneskapen. Vi kan enkelt sjå kva kundar som har betalt, og kven som framleis skuldar pengar.

Føring av kundefordring i rekneskapen
Tekst

Kassekreditt

Kunde

Salsinntekter

DebetKreditDebetKreditDebetKredit
Faktura per 14 dagarXX
Motteken betaling for fakturaXX

Leverandørar og leverandørgjeld

Når ei bedrift kjøper produkt på kreditt, får dei ein faktura med til dømes 14 dagars betalingsfrist. Inntil fakturaen er betalt, har bedrifta eit lån til leverandøren, ei leverandørgjeld.

Faktura frå leverandør blir postert i rekneskapen med kredit leverandørgjeld og debet varekjøp (eller ein annan kostnadskonto). Leverandørane blir registrerte i ei leverandørliste, der kvar leverandør får sitt eige nummer. Dette gir oss god oversikt over kven vi skuldar pengar, og kven vi har betalt. I kontoplanen startar kontonummera for leverandørgjeld med 24 (kontogruppe 24).

Føring av gjeld til leverandør
Tekst

Kassekreditt

Leverandør

Varekjøp

DebetKreditDebetKreditDebetKredit
Varekjøp per 14 dagarXX
Betalt i nettbankenXX

Saldolister

Bedrifter som har mange kundar og leverandørar, vil få mange kontoar i rekneskapen. For å sleppe å ha alle desse kontoane med i balansen når rekneskapen skal avsluttast, set bedriftene opp saldolister for kundefordringar og leverandørgjeld.

Saldolista for kundefordringar viser alle kundefordringane, og summen av kundefordringane blir overført til balansen. På same måte viser saldolista for leverandørgjeld ei oversikt over alle leverandørane vi har gjeld hos, og dessutan summen av leverandørgjelda.

Sum kundefordringar og sum leverandørgjeld blir viste i balansen med kontonummer 150 Kundefordringar og 240 Leverandørgjeld.

Saldoliste for kundar
KontoKundeBeløp
15001Kunde 1
15002Kunde 2
15003Kunde 3
Sum kundefordringarBlir overført til 150 Kundefordringar i balansen
Saldoliste for leverandørar
KontoLeverandørBeløp
24001Leverandør 1
24002Leverandør 2
24003Leverandør 3
Sum leverandørgjeldBlir overført til 240 Leverandørgjeld i balansen
Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2022