Korleis sikre god utdanning for alle? - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis sikre god utdanning for alle?

FNs berekraftsmål nummer 4 er god utdanning. Det seier at vi skal jobbe for å «sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle». Korleis skal vi klare det?

Bakgrunn

Mange tenkjer nok at skule kan vere kjedeleg. Samtidig er det mange som skulle ønskje dei kunne gå på skule og ta ei utdanning, men som ikkje har moglegheit til det slik forholda er. Sjukdom, fattigdom og dårleg infrastruktur er nokre av hindringane som kan stå i vegen.

Oppgåve

I denne oppgåva skal de brainstorme om korleis vi kan nå det fjerde berekraftsmålet til FN.

  • tid: minimum 15 minutt
  • føremål: å få så mange idear som mogleg til korleis vi kan nå FNs berekraftsmål nummer 4

Materiell

  • post-it-blokker og tusjar

Post-it-lappar eignar seg veldig godt til brainstorming. Lappane gjer det lett å assosiere fordi dei er enkle flytte på. Heng ideane opp på ei tavle eller ein vegg. Det er viktig å tenkje på at tavla eller veggen skal vere full av idear og ikkje endelege løysingar. Dei beste ideane må de arbeide vidare med for at dei skal kunne bli til gode løysingar.

Instruksjon

  1. Elevane går saman i grupper på tre eller fire.
  2. Læraren les opp FNs berekraftsmål nummer 4, og gruppene skal så kome med idear til korleis vi kan nå dette målet.
  3. Individuelt – 2 minutt: Alle noterer sine eigne idear på post-it-lappar – utan å diskutere i gruppa. Det er berre lov med éin idé per post-it-lapp.
  4. I gruppa – 5 minutt: Alle i gruppa les opp ideane sine for kvarandre og hengjer post-it-lappane opp på veggen fortløpande. Idear som liknar kvarandre eller er like, kan grupperast saman. La dykk inspirere av kvarandre sine idear. Kanskje det fører til at de kjem på endå fleire nye idear?
  5. I gruppa – 3 minutt: Gruppemedlemmene blir samde om kva for tre idear dei liker best.
  6. Oppsummering i plenum – 5 minutt: Kvar gruppe deler ein av ideane sine med resten av klassa. Kanskje dette kan trigge dykk til å ta ein ny runde for å kome på endå fleire idear?

Refleksjon i fellesskap

  • Kvifor har ikkje alle moglegheit til å gå på skule og ta utdanning?
  • Korleis kan vi nå det fjerde berekraftsmålet til FN?
  • Kvifor er det så viktig med livslang læring?
  • Kva tenkjer de at de kan lære av denne oppgåva?
  • Kvifor er det så viktig med kreativitet?

Relatert innhald

Fagstoff
Brainstorming

Brainstorming er ei enkel øving for å kome på flest mogleg idear, bli trygge på kvarandre og få i gang prosessar for idéutvikling.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020