Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Berekraftig forretningsmodell

Les artikkelen nedanfor for å få kunnskap om kjenneteikn på berekraftige forretningsmodellar.

Fagstoff

Berekraftige forretningsmodellar

For å nå berekraftsmåla som blir sette for næringslivet, må bedrifter utforme meir berekraftige forretningsmodellar. Det inneber å gå over frå lineære "utvinn, bruk og kast"-modellar til meir sirkulære forretningsmodellar baserte på stor grad av samarbeid, materialgjenvinning, gjenbruk og deling.

Samvirkemodellen

Samvirkemodellen er eit døme på ein berekraftig forretningsmodell som skal vere til nytte for medlemmene av samvirket. Eit samvirke er ei bedrift med mange medlemmer som alle eig litt av bedrifta, og som derfor kan øve innverknad på drifta. Eit samvirke er kjenneteikna ved at det blir styrt av verdiar som er viktige for medlemmene, og ikkje berre av det økonomiske resultatet.

Samvirkemodellen blir mellom anna brukt i norsk landbruk, som hos Tine, Felleskjøpet og Nortura. Daglegvarebransjen, ved Coop, bruker òg samvirkemodellen. Coop er eigd av kundane gjennom Coop-medlemskapet deira (derav slagordet "litt ditt").

Sirkulære forretningsmodellar

I sirkulære forretningsmodellar ønskjer vi ikkje «bruk og kast», men heller «bruk og bruk igjen» – anten i form av gjenvinning av materiale eller i form av gjenbruk.

Å endre ein forretningsmodell er ikkje gjort over natta. Det krev nytenking, openheit og samarbeid. Bedrifter må lage resirkulerte og resirkulerbare produkt som folk vil ha. Produkta må òg designast slik at dei lett kan både brukast att og vinnast att.

For å klare å skape sirkulære forretningsmodellar må bedriftene finne måtar å samarbeide med andre på – både private, offentlege og frivillige verksemder.

Ikea som døme

Ikea har mellom anna opna for å kjøpe tilbake brukte Ikea-møblar og ha ein type "bruktbutikk". Sel du eit pent brukt møbel tilbake til Ikea, blir du betalt i form av ein tilgodelapp du kan bruke i varehuset. På sikt ønskjer Ikea òg å servere plantebasert mat og redusere matsvinnet.

Ikea satsar på å bli hundre prosent sirkulære innan 2030. Dette seier dei om arbeidet og målet med ein ny forretningsmodell:

Som en del av arbeidet for å bli en sirkulær virksomhet innen 2030 har vi forpliktet oss til å:

gjøre det mulig for kundene våre å skaffe seg, ta vare på og kvitte seg med produkter på sirkulære måter

produsere 100 % sirkulære produkter (råmaterialer – resirkulert – ombygd – pusset opp – gjenbrukt)

bruke bare fornybare og resirkulerte materialer

gå foran og slå oss sammen med andre for å skape en sirkulær økonomi gjennom påvirkning, samarbeid og forretningspartnerskap[1]

Too Good to Go som døme

Bakgrunnen for appen Too Good to Go er at mykje av maten som blir kasta frå restaurantar og daglegvarebutikkar, er for god til å gå i søpla – han er "too good to go". Føremålet med appen er altså å få bukt med matsvinn.

Brukarane av appen får god mat til redusert pris og hjelper butikkar og restaurantar med å redusere matsvinnet. Butikkane og restaurantane når kanskje òg ei ny kundegruppe. Ved hjelp av appen samarbeider dei med kundane sine om å gjere verda litt grønare. Samtidig tener dei pengar på overskotsmaten.

Appen Too Good to Go er no verdas største nettbaserte marknadsplass for overskotsmat.

Film: To Good To Go MENY

Tise som døme

Tise er eit døme på ei nyskapande bedrift som har ein sirkulær forretningsmodell basert på meir gjenbruk og gjenvinning av produkt.

Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, briller, kunst og diverse interiør. Tise-appen har òg tips til korleis du kan reparere, sy og halde ved like både ting og klede.

Delingsøkonomi

Måten vi har vore vane med å tenkje på eigarskap av ressursar på, er i ferd med å endre seg. Berekraftig økonomi handlar ikkje berre om resirkulering, men òg om bruk. Ein drill, til dømes, bruker du truleg maks nokre minutt i veka sjølv. Når ikkje du har bruk for drillen, kan han kanskje brukast av nokon andre?

For at vi skal bruke kvart enkelt produkt meir, må vi leggje til rette for meir utleige og utlån. Vi må dele på bruken av produkta, og det er altså dette vi kallar delingsøkonomi. Airbnb og Uber er døme på verksemder som bidreg til delingsøkonomi.

Delingsøkonomien handlar om å utnytte ressursar som allereie er i økonomien, slik som bilar, kvitevarer, bustader og maskiner. Veldig mange slike ressursar treng vi ikkje å eige sjølve for å bruke.

Delingsøkonomien har ført til mykje nyskaping, og eitt produkt av denne nyskapinga er appen leieting.no. På leiting.no kan du leige alt frå pulk og felleski til tilhengjarar. Det har òg dukka opp både utleige- og abonnementsordningar for klede som eit alternativ til å kjøpe nytt.

Ei omlegging til ein meir berekraftig økonomi grip inn i alle delar av forretningsmodellen. Slike store endringar er ressurskrevjande for ei bedrift. Dei omfattar gjerne heile verdikjeda som bedrifta er ein del av.

Døme på element som bedrifter må utvikle for å bli meir berekraftige

  • vareutval/produktspekter
  • produsentansvar
  • digitale løysingar
  • produksjonsprosessar
  • logistikksystem
  • transport
  • varelager
  • betalingsmodellar
  • avfallshandtering

Kjelder

Regjeringen. (14. mars 2024). Handlingsplan for en sirkulær økonomi, 2024–2025. Hentet fra https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/handlingsplan-for-en-sirkular-okonomi/id3029477/?ch=1

Norsk Landbrukssamvirke. (u.å.). Samvirke. Samvirke. https://landbruk.no/samvirke/

Ikea. (u.å.) Et sirkulært IKEA – vi får tingene som vi er glade i, til å vare lenger. Henta frå https://www.ikea.com/no/no/this-is-ikea/sustainable-everyday/et-sirkulaert-ikea-pub9750dd90

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 12.02.2026