Resultatbudsjettet til Annelise - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Resultatbudsjettet til Annelise

Annelise har ein gåve- og interiørbutikk med produkt frå Sør-Europa. Det er vinter, og Annelise skal lage eit resultatbudsjett for i år. Ho må ha økonomisk oversikt for å kunne planlegge innkjøp og aktivitetar i året som kjem.

Ho har akkurat fått rekneskapstala for i fjor:

Resultatrekneskap 20xx

Kalkulasjon

kroner

Salsinntekt

5 990 000

– varekostnad

1 198 000

= dekningsbidrag

4 792 000

Lønn

1 680 000

Husleige

312 000

Marknadsføringskostnader

350 000

Avskrivingar

36 000

Andre driftskostnader

216 000

– sum faste kostnader

2 594 000

Resultat

2 198 000

Annelise vurderer resultatet for fjoråret som godt og har sett av pengar til å investere i nytt interiør og større lager. Ho vil òg drive nettbutikk ved sida av utsalet. Dette betyr at ho forventar desse endringane:

  • Salsinntektene er forventa å auke med 20 %.

  • Dekningsbidraget blir rekna til 85 % av salsinntektene.

  • Avskrivingar aukar med 10 000 kr per månad.

  • Marknadsføringskostnadene blir rekna til 10 % av forventa salsinntekt.

  • Andre driftskostnader aukar med 100 000 kr.

  • Husleige aukar med 4000 kr per månad.

  • Lønn aukar med 20 000 kr per månad.

Oppgåver

  1. Set opp resultatbudsjettet.

  2. Vurder forventa resultat.


Løysingsforslag
Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2021