Å ordne data og presentere undersøkinga - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Å ordne data og presentere undersøkinga

Formålet med forsking og undersøkingar er å finne ny kunnskap og å formidle kunnskapen til andre.

Når alle data er samla inn, startar den viktige jobben med å ordne dataa og deretter å lage ein rapport. For at rapporten skal få ein god struktur, kan de følgje denne disposisjonen:

  1. Presenter problemstillinga. Kva undersøkte de?
  2. Fortel om den metoden de brukte, og grunngi kvifor de valde denne metoden.
  3. Legg fram alle data i ei gjennomarbeidd form. Ofte er det lettare å forstå ein grafisk figur enn ein tabell med tal.
  4. Gjer greie for dei funna de har gjort.
  5. Trekk nokre konklusjonar som datamaterialet viser, men hugs å nemne dei metodiske veikskapane som ein må vere klar over.
  6. Bak i rapporten bør de skrive ned dei kjeldene de har brukt. Det kan vere bøker, artiklar, filmar osv. Oppgi forfattar, utgivingsstad og utgivingsår.
  7. Presenter stoffet i rapportform eller som eit foredrag. Hugs at de ofte må utelate delar av undersøkinga. Alt er ikkje like viktig å leggje fram. Det viktigaste er å nå fram til dei som er mottakarar av rapporten.
  8. Er undersøkinga dykkar interessant for lokalavisa? Ta kontakt med redaksjonen og fortel om undersøkinga.
Skrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017